|
Vestom Griteseter e det ei rund lita mir som det pla vara mikkji mølte på. Men så kom vi te å gå over nokon sølehøl framom mira, og der såg vi etter labbane tå tre dir.
Det va ei binne med årsungen og fjorungen med seg. Vi va nå ikkje redde før detta, vi gikk like bori denna mira og la te å pella. Men vi hadde ikkje mehe enn så vidt bejint, så visste vi ikkje tå før det belja like borme mirkanten. Det va binna det, som hadde førnømmi uss. "Kom nå," sa `o mor." "Det e binna, og ho e fali å kåmma ut før nå." Og så flaug nå vi da. Vi la te beint over mira så møltune spruta om skoa våre. Mira va nesen gul tå mølte. Vi hørte ho sjussa ongane norover, ho sku. vel ha gjømt døm så ho va sikker før døm. Og vi hørt 'o kom etter uss. |
Der snudd 'o. Vi hørte ikkje mehe te `o. Men hadde vi gjett us te å vara der på mira, e det vant veta åssen det hadde gått med uss. Før binna ske vara falin sålessen, nå 'o har ongar. (Jøran V 10.4.25.) Så veit je at ein gong så va vi oppmed ei mir Det va utpå sommarn detta. Det va 'n far og ho mor og je og 'n Narve. Vi va alle samma. Vi dreiv og sku lauve oppmed der. Døm va nå så svære te å lauve før i tia, veit du. Han far høldt nettopp på og felte på ei diger osp, han sku gjøra `o tor så 'n fekk veden. |
|
Der vart vi var i at ein bjønn høldt på utpå ei lita mir like noromkring uss. Det va enda ei slekk ei lita rund mir, et rundt mirsøkk. Ganske blaut va `o. Der gikk 'n og glefste og jafsa i seg noko gras va det visst, før det fans nå ikkje noko slags ber utpå der. "I jøssu nam," sa `o mor, "der e de ein bjønn," Han fekk sjå 'n, han far au. Men bjønn bjore ingenting tå det at ham far skara og høgg i buska. Han gikk like roli. 'Vent nå," sa 'n far, "ske di få sjå ein som, blir redd."
Detta va rekti ei gill osp, og det braka vaksi om `o. Men. du sku sett ein som flaug! Med del samma ospa datt, la 'n ågare. Det sto rekti måsåsspruten om 'n borigjennom mira. Du kan tru at `n gvakk! Og vi såg ikkje meire te `n heller. ( J.Vika 9.4. 1925) |
Anders Svarverud fortalte Han Helje og je kom vestante, vi hadde vøri på møltehenting. Også hadde 'n Helje vøri borom Griteseter etter ein mjølkekagge som 'n hadde på riggen. Detta va så sist i slåtten. Vi va alt kømmi frammaføre Lunnarstan, et stikkji innaføre Ølbagan. Der fekk vi se et dir nedi mirkanten, tett neafør veigen.
"De e nå vel ikkje ein sau?" spurte 'n Helje., "Å det e nå vel ein bjønn, vekje," sa je. Detta dire va ikkje nokon hallmeter høgt, det gikk nemed mirkanten og tusla. Vi ville te å gå viare framover. Der visste, vi ikkje tå før ei diger bjønnebinne kom famnes fram tor haugen ovom uss. Ho tok ein sving framover og drog neover mira te ongen. Vi hadde vøri møllom binna og ongen.
|