2005-1-31

Nikkelverket.

Nikkelverket hadde dam over elva, så nær verket, den demte elva opp te ein fot under dammen i utløpet av fjorden.

Detta vatne nytta de til sirkelsaga si og til maskinane.

(Kristen.Vika 1944.)

Husmannsplasser og folka der.

Nå husmannsfølk å andre slekke bori småstellun vart så gamle ell sjuke at døm ikkje va te nokko meir, vart døm sett i legd.

Døm vart ikkje sett bort te nokon viss før betaling.

Nei, døm jikk gardimøllom.

Va de ein stor gar, hadde 'n plikt te å ha døm lenger, va de ein mindre gar, hadde 'n døm stuttare ti.

Legdefølka hadde de så imist.

Somme stanna hadde døm de gått, men andre stanna vart  døm nessen ikkje hanntera som følk.

De va ein legdeklenning på ver gar.

De va ein te karar å ein te kvinnfølk.

Denna vart sjefta innpå alle, anti døm va store ell små.

Nå legdefølk kom te ein ni gar, sku døm ha tå. sei kleningen døm hadde på se frå der døm sist va, å få på sei kleningen der på stella.

Den andre kleningen vart sjikka heimatt.

Dessa kleningane va jent kleine å ureine.

Kvinnfølka måtte mange stanna gå å dra på nokkon digre ufampelie karmannsko.

I rekti gammal ti låg slekke legdefølk i fjøse, somme stanna laut døm jamvæl ligge på sauetæll'n.

Je kjem i haug ifrå je va lita at de låg ei legdekjæring i fjøse på garn der vi va husfølk te.

Nå vett'o i senga me `o låg.  forts.


2005-1-32

Detta rann i jennom klea og bøsse å like ne på gølve.

Men både sengehåtten å unneran senga va de tæla ihopp te ei kjøfsle.

Slekk låg'o heile vintern.

Ho Dåre va ei som jikk i legd i garan i øvre Sigdæl, ho va nokko rar tå sei.

Ho fekk mikkji liggi på sauetællen.

Ho låg på tællen me sauine å dåkkune sine.

Døm hadd `o så mange tå.

Ho prata me sauine å me dåkkune.

De va ingen som bridde sei om ho.

Ho va nokko rar, å va passe te å liggi på tællen, nå'o ville de sjøl.

Va legdefølka ve full sans å samling, å døm va så vitt, fekk døm sitta ve bore i lag me dei andre.

Va døm ikkje så pass, vart døm sett i ein krok før sei sjølve.

De vart laga nokko mat te døm å lagt i fanget på døm.

Da vart de lite me maten te dessa krokane jamt.

Døm måtte ta de døm fekk.

De va ikkje å bea om nokko anna, om de va nokko døm ikkje fekk i sei, ell ikkje tåla.

Nå va ikkje alle plassar like ille.

De va somme som va rekti bra.

Så som Vinnor, plass unner Eikje.

Der ske de aller ha vøri armo, e de sagt.

Men så sku døm fødd sju kuir å hest der, me de va på de beste.

Vinnor å Enterud ske eingång ha vøri større ihop enn Eikjegarane.

I Hovden plass unner prestegar'n, ske de heller aller ha vøri armo.

Ingen stann sku de ha vøri så goe tåflar å så tongt kønn som der, e de sagt.

Nå e alle dessa plassane utlagt, å tegrodde me skaug.

De va jent så at ellste sån te husmann som tok plassen etter far sin.

Plasser jikk på ein måte i arv.

Å me plassen følte jamt armoa au.

Ongane tok nå ut så snart døm va vaksne.

Mange tok nå ut før å.

Døm måtte herje sei sjølve, som tenerar helst.

Mange tok arbi utaføre. forts.

tilbake til 2005-1- startside

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side 33