|
Ole O. Strand forteller til Andreas Mørch 8. sept. 1978.
Det e bare det at je sku ha hau te å komma oppi skaugen ein tur, je har my fin furuplanting måtta. Det vart så gæli, ser du, je hinte te å snauhøgge, og det va døm ikkje vant te oppi der. Døm meldte meg, je fekk mulkt og ikkje førskudd hel noen ting. Je bare lo åt døm, og nå e det fin skaug der! |
Aldeles som grøn åker. Nå har ikkje je høggi noko større sea i -35, innpå marka. Je sa te'n Ola at'n måtte te å høgge, men så ville han ha bilveig innover føre 'n høgg, det e bilveig ned tor marka, men ikkje innpå. Ho e grov au oppmed setra nå. Det sku nå gå meg så søkkande gæli med handelen på Strand. Je fekk ikkje vara i fred før noen. Det va mest ikkje ana døm snakka om enn meg. Døm va oppover te'n. Knut Juvet (handelsmann) og sa at han nåtte ikkje setta ut varer på meg, før je gikk konkurs eieblekkeli. "Det gjør ikkje'n Ola," sa'n Knut. "Je veit regnskapet hass." Je veit 'n Knut Albjørk kom te meg, da hadde je snau-høggi ei fille granli oppi her. Da hadde skaugrådet bestemt at je ikkje sku ha løv te å høgge, je fekk mulkt. Da tok je og slengte'n ut gjennom gangen og ut på trappa og lokte igjen dørna. |
|
Det va vel omkring 1928 at det vart rudd en snauhøgst under Grytehøgda, like ovom den Øvre stugua. Han Anders og je kom ned frå Sveltihæl, han sku prøve fisken i elva, og je følte 'n. Da vi kom over snauhøgsten sa han som si meining: "Det e inga jæ 1 på åssen det ser ut i skaugen nå, her blir det aller skaug meir."
Der stod smågrana så fin og tett. "Ser du detta, Anders, "sa je, "han kjem nok att." "Det hadde je aller trudd," va svaret. Døm lo åt meg, je snauhøgg, je planta, og je sådde. Ja han Konrad Strandmoen og je, vi brente flatur au. Og det gikk bra, og moro va det. Det e mange markir som e gæli handtert. Je blenkte ei li oppi der, det va bare filleskaug så je ville legge nedåt alt sammen. Så blenkte je alt, men eihør buska blenkte je bare på øverkanten så ein ikkje såg det frå veigen, men alle dei andre blenkte je på nedkanten. |
Døm fekk sjå blenken min og forundra seg over åffer je sette att nokon slekke fillegrenar. Døm såg ikke at døm va blenkt på øversida. Og døm ville nok ha det te at døm sjønte seg meir på driving i skaugen enn je gjorde. Je hadde da stokkar på 10 hallmeters og femogførr og femti. Det va ei kvinneforening utante Sigdæl som va oppå setra mi, og der va au lensmann Gulbrandsen med. Det sto noko grov skaug der ved setra, og han lurte på om je hadde mikkji slekk skaug. "Å, je har da noko," sa je. " Ja, da er det ikkje no fare med deg," sa. lensmann. Du veit je tok vel kjeften væla mett den gongen. |