2003-2-17

Je prøvde Sloans liniment, som skulle hjølpe mot "alt", men te inga nytte.

Men te slutt gjekk det høl på den vonde stella, og ut kom det ein masse verk.

Deretter grodde såret og je hadde aldri meir vondt der.

Det va nok ei treflis som satt att ifrå tørrkvisten.

Men sju år tok det før ho måtte ut !

20- og 30- åra va ei vond tid å vekse opp i før mange tå uss.

Je hugsar det va spalte opp og spalte ned i avisun med tvangsauksjonar.

Om det nokon gong kunne ha vørti revolusjon i landet vårt, måtte det vøri da.

Alt detta opplevde je som ungdom i den mest påvirkelige alderen - je va 16 år i 1928 -, og det vart nok avgjørandes for mitt politiske syn for resten tå livet.

Eigeran på begge Frøvøllsgardan, som vi regna før å vara kanskje dei største kaksan i bygda, måtte au gå ifrå gardan sine i dessa åra.

Fist måtte Steinar Åsand selja, men bror hass, Nils, hadde gifta seg te ein gard i Telemark, Ringtveit, og va der te'n kunne ta att Frøvoll på odel i 1927.

På den andre Frøvøllsgar'n satt Knut Skaar.

Han skulle vara god før 300.000 i kontanter, og det va mikkji peng i den tida.

Det vart svær arbeisledighet, og stor nød i mange heimar.

Da sjefen i Norges Bank - Rygg - i 1928 sette "krona i pari", måtte følk gå ifrå gardan sine i hopetal.

Det va jobbetid ei stund, og mange let se friste te å prøve seg på den "galeien".

Mange som satt godt i det, mista alt da krakket kom.


2003-2-18

Je kan hugse han litt kry sa at "døm har nå bint å våge seg, karan (sønnene) mine au nå".

Det va vel binsla te elendigheta for den familien au.

Så vart det vel festing og kvinnfolk i byn, særlig va Erik ein skikkelig skjørtejeger.

Ein gong lensmannen kom for å krevja 'n Erik før barne-bidrag, tok far hass `n te sides og utbraut:

"Men farin, hå mange ongar har 'u `ra?"

Men Knut stilte opp for sønnan sine til "kassa va tom".

I 1929 vart garden selt til Leif Blegeberg.

Han let Gamle "Skørringen" få ha ei kyr på båsen og bu i ei gammal såmmårstugu på garden.

Je kan godt hugse at Knut og Anne slo vøllen på Frøvølls-langsetra for å ha for til kyra si.

Det e minnur som sitt!

Vi va veldig avhengige tå ski om vintern, enten vi skulle te skulen, te bygda i andre ærend eller te skøgs på arbe eller jakt.

Smurninga vår va "bredd tjiru".

Den bredde vi på om vår'n og let skia soltørke.

Je sins det va moro å gå langrenn, men ofte va je så plaga med betente mandlar at je ikkje fekk pust nok.

21 år gammal, i 1933, vart je kvitt døm, det va på detta sjukehuset i Drammen der søstrun gjekk i svarte kjole-stakkar. (St. Joseph Hospital).

Det va ein vond opplevelse.

Det binte med ei diger bedøvelsesspreite, og etterpå blødde je så ille at doktoren måtte kåmmå og sy noko meir. forts.

tilbake til 2003-2 startside

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side 19