|
Tømmervelte ved Storevassdammen Foto: Lars Søland Men på velteplassen om våren va vi ikkje lenger unna ell at vi hørte ei tå eigeran førtælte te merkeran at "nå va'røm ikkje skildaug meir ell 150 kroner på Snåret". |
Døm hadde kjøpt det før omkring 8.000 kroner året før, og enda høgg døm meir nokon få år seinare. Ein dag den vintern, me vi måka, tok vi uss fri, han Bjarne og je, før vi hadde sett nokon ikønnspår i traktin møllom Frøvøllsetran og Svansvatn. Vi skaut 13 ikønn den dagen, - det e rekorden vår. Vi fekk gjenne 2 kroner og femti øre før skinnet den gong-en, så det vart nå ei bra daglønn. Ja, alt tømmeret vart nå med i Brøtningen i Sølandsåa samre våren. Velta va på isen ne'om Lauvåstjenn, som va oppdemt så det og Storevatn gjekk i ett. Det vart tidlig vår det året, så isen sprakk opp langsmed land bortetter, så det vart ei stor tyngde på vatnet. Je glømmer ikkje da damvatnet vart sleppt, - det kom i ei voldsom fart, og dei fiste tømmerstokkan for ågarde framom vatnet berre tå lufttrykket. "Det hadde vøri noko å filma det, gutt." Det måtte vel vøri fleire tusen kubikk i den velta. Ett år ell to seinare, tenk' je, tok 'n Bjarne bror, je og 'n Ola Kaugerud på uss å høgge før'n Otto Knudson, som hadde "kjøpt blenk" tå 'n Lars Åsand. forts. |
|
På den tia fekk høggeran ei femti før kubikken ferdig barka nedi bygda, - det va på våren, - og vi skulle få to kroner kubikken vestpå. (gammal fjellskaug). Men utpå såmmår'n vart'n Otto uroleg før at vi ikkje skulle røkke over alt, og ville få tak i fleire høggerar, men han fekk ingen, før da va prisen gått opp te tre og ei halv krone i bygda. Så den gongen vart vi nå ved heile høgsten, da, men ga nå uttrykk før at vi syns 2 kroner va før dårlig betalt. Enden på den visa vart at vi fekk femti kroner attpå hver uss. Vi høgg nok noko over 500 kubikk før 'n Otto den såm-mår'n. Det vart ei ganske solid velte det au, i Sølandsåa neste vår. Han Otto Knudson hadde god kontakt med fabrikkan og visste omtrent hå ti tømmerprisan ville stige. |
Noko tå høgsten "vår" grensa mot Nommedæl, je trur det va Halgjem-eige. Medan vi høgg, vart vi klar over at det va blenka adskillige busker innpå Nommedælseige. Deilesteinan sto såpass tett der at vi kunne sikte uss inn med lange stengar. Vi lat nå dessa buskun stå, men sins at vi måtte før-tælja det te 'n Otto me vi va heim ein tur i hælga. "Berre høgg buskun de, karar, det kjem på naboan det", var svaret vi fekk. Kømmin vestatpå, fekk vi sjå at det va bøndi viuringar rundt dei feilblenka buskun. Så døm førte da visst med, nommedølingan. Ja, ja, - buskun fekk nå stå da, veit du. |