|
Der va're grovskaugut, det va ikkje langt imøllom buskur på meter'n i diameter den gongen. Før den tid veit je at'n far låg på Trilla og høgg, det måtte vøri omkring 1900. Jeg hugsar han førtælde at det va is på gølvet der i bua, han la noko grånbar oppå og søv på det. Der borti er det et område som kallas Helvete, au, det sier vel noko om ulendt terreng. Det vart høggi nokolunde på samre tia, - det måtte vøri fist i 30-åra -, både i det området vi kalla Trillemørka (uten-bygds eiere), og i mørkin te Rugland-Snåret (kjøpt av Knut Rugland, Truls Jellum og Storebråten) og te Åsand-Snåret (egd av Lars Elsand). |
Trillemørka vart nok likevæl høggi fist, så vidt je kan hugse, og tømmeret gjekk jo te Grønhovdsælva, så vi hadde ikkje nokon befatning med den høgsten. Men så sette de nye eigeran tå Rugland-Snåret igång storhøgst, samre året som'n Tosten i Møllomgarn høgg i mørka si. Vi (Bjarne og Lars Søland og Ola " Neregarn" Kaugerud) gjorde avtale me'n Tosten om høgst; vi skulle bene vest-ante, dvs. på tangan i Storevatn, og arbe uss innover Storevassåsen. Men der hadde'n Tosten sett igång fleire høggerar; Helge Skalland, Arne Evju, Gunnar Bergan og Bråtåkaran. forts. |
|
Men 'n Ola høldt nå ut ei stund te i Sølandsmørka, han. Han hadde vel ikkje noko anna å gå te. Vi "Nord-Sølandskaran" hadde gjenne høgstav før Bleka-ber'n, og det sette vi pris på. Han va rektignok nazist alt fleire år før krigen, men han va den greiaste å arbe før. Vinteren etterpå, da tømmeret i frå begge høgstfelta skulle kjøras te velteplassen i Sølandsåa, fekk'n Bjarne og je job-ben med å måkå snøen tå lunnan og kjøreveigan. |
Det va 10 hestar som kjørte tømmer der den vintern, og vi måkå før døm alle. Det va svær snø, bortimot to meter oppå lunnan. Vi måtte kaste den øvste snøen så langt unna vi ørka, før å få plass til den underste oppå kanten, som va høgare enn uss. Vi hølt vel på med detta hver dag i to- tre månar, og det va nysnø omtrent hver dag, etter det je kan hugse !
Betalinga va 3 kroner og 50 øre dagen, på egen kost! - og ingen betaling den dagen vi måtte te bygda før å proviantere. Det va'kje anna arbe å få før uss om vintern, me'de vi ikkje hadde hest, så døm hadde taket på uss, måtta. Døm hadde ikkje råd te å betale meir, fekk vi høre. forts. |