2003-2-9

Så det vara ikkje lengin før vi tokn  med som full kar, dvs at vi deilte det vi tjente, likt.

Da unngjekk vi knivinga om å få felle dei beste buskun.

 Det kunne lett bli noko misunnelse og "vondt blod" tå det.

I seinare år, da det tok te å bli nokon ælgar vesti mørkin, va'n Ola med på ælgjakt.

I fleire år hadde døm sett ein gvit ælg (albino?) men aldri fått'n på skøtthøld.

 

Så ett år, da'n Lauritz Gladheim satt på post ved Løkemir, dukka plutseleg denna gvite ælgen opp der.

Men han Lauritz fekk ikkje samla seg til å skite:

"Jaså, e r'e slekk du ser ut", hadde'n mumla før seg sjøl, og de'med va ælgen borte.

Men han Ola, som va i nærheta, ville ikkje gje seg så lett.

Han "skaut seg" opp igjennom lia, heilt opp på Kroktjennfjellet, - det e mange meter stigning på kort avstand - og røkk å sjå ælgen farte vestover bortom Skålelangsetran.

Ikkje så lang tid etter fekk døm høre at ein gvit ælg va skøti i Nommedæl.

Detta hendte midt under krigen:

Han Bjarne bror, Ola Kaugerud og je høgg tømmer før'n Leif Blekaberg, nørst på Langemyr.

Vi låg heime, det va'kje stort lenger enn å gå te Storhovden.

Vi hadde kjøpt noko tørrfisk på butikken, som vi la ibløtt og åt.

Ein heta som je fekk måtte ha vøri noko bederva, tør je vart så sjuk.

Je kasta opp og va temmeleg sjaber.


2003-2-10

Med je satt der på gvileplassen vår, kom Blekaber'n og slo seg ned før ein prat.

Plutseleg small det borti Nastaåsen.

" Vare `n Jakob detta, tru", sa Blekaber'n, lite bryskt -

- "Å nei, je veit nå ingenting om det je, lell", la han te i ein noko spakare tone.

Han va nazist (medlem i NS), og alle børsur skulle jo vøri innlevert te lensmannen.

Han Jakob Evju va viden kjent som ein ivrig jeger som kanskje ikkje hadde så stor respekt før jakttider og andre formalitetar.

Det blei sagt at han tesmeirs skulle ha rest med rutebilen med børsa innom buksebeinet. (under krigen).

Je måtte te å kaste opp att og ville gå heim, - je skjønte at det ikkje ville bli noko meir høgging med meg den dagen.

Je la i veig, men etter berre 200-300 m ørka je ikkje meir og vart liggandes på ei tuve, der låg je et par timar før je klarte å karre meg viare heimat.

Neste dag va je mikkji bære, og kunne førtsetta høgsten.

Seinare fekk vi veta at tørrfisken va ment å skulle seljas som bikkjefor.

Det e så mikkji skriving om vern tå Trillemørka nå før tia.

Sammen med mørkin vestover og søover mot Nommedæl , ska det vara det største nokolunde bevarte villmarks-område i Sø- Norge, påstås det.

Men da sku'røm opplevd Trillemørka før ein 70 år sea, det va gammalskaug, det.

Da kunne det nok passa å brukt betegnelsen "urskog", som je ser nokon brukar nå.  forts.

tilbake til 2003-2 startside

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side 11