2003-2-7

Der låg det mobiliseringsordre, og de va berre å ta beina fatt: ne te Kjørkebigda, opp over Norefjell ved Djupsjøen og ne te Krøderen Stasjon, og derifrå med tog til Helge-landsmoen, - alt på ett døgn.

Et par gongar veit je han gjekk ifrå Åmot til Søland etter å ha vøri på bytur.

Da gjekk'n i frå Åmot om kvelden og va heime i Søland ved dei tider vi sto opp.

Det e bortimot 7 mil, det.

Bjarne bror hadde au ein langtur eingong.

Det va etterat vi hadde fått Blakken, ein fjording.

Han ville "heimatt" te Vestlandet.

Ein gong kom'n te Lesteberg, og Bjarne fekk henta'n der.

Men så ein dag va'n borte att, og va kømmi te ein gard øvst i Nommedæl, på vestsida tå dæl'n (antakelig i Uvdals-traktene).

Bjarne gjekk i frå Søland og henta hesten, - og tebars att samma dagen.

Ja, vi fekk god trening i å gå den gongen.

Vi låg mikkji vesti mørking på tømmerhøgst.

Da provianterte vi på butikken på måndags førmeddan og gjekk vestover 2-3 timar i andre økta med mat og utstyr for heile vikua, - det kunne fort bli 20 kg - og høgg tømmer 3. økta.

Det tingste je har børi heim etter møltehenting, va omkring 18 kg med møltur.

Det va vel eingong i bynnelsen tå 30-åra, så je va berre unggutten.

Je gjekk heimante vestover førbi Skåleheimsetrene te Putten og opp lia der så je kom nordom Snipnatten, vidare vestover Vatnelifjell te Øgnesprangfjellet og vestom Ytre-vatna (Flåvatna), så på heimveig over stryken nedom Ytre-vatna, gjennom Vestmannskar og om Frøvøllsetran.  forts.


2003-2-8

Je høldt meg vestom hellingan ned mot Skålelangsetran, før der pella seterfølket og'n Per Enderud gjenne det meste.

Det va ikkje ofte ein kunne setta i frå seg sekken og pella nokon mengde, det vart helst å krøke seg ned i knea og ta ei mølte her og ei der, så det vart nokså stor belastning før knea.

Når je hører om nokon som har fønni oppte 30 kg på ein dag, så skjønnar je mest ikkje åssen det går an.

Men det må vel vara så at døm slepp å gå langt te mølte-myran, og det e så mikkji mølte at døm kan pella fleire liter på et lite område.

Men at kvinnfølk tesmeirs, kan bæra slekke børar noko serleg stikkji, det e nesten ikkje te å tru.

(Han hadde hørt om Randi Kjernås Trøseng, som somme-ren 2001 hadde plukket 30 kg på en dag i nærheta av Kodalssetra)

Han Ola "Neregarn" Kaugerud va ein sprek fant i sine beste år.

Han va nesten berre guttongen, (antakelig 16 år) da mor hass, ho Ellen, kom og spurte uss (Bjarne og je) om'n Ola kunne få vara med uss og lære å høgge tømmer.

Far hass, Helge, va sjukeleg og dø tidleg, så det va'kje sprekt med utkomme der i den tia.

Men han Ola va lærenem, og gjorde ikkje skam på slekta si;

- Kaugerudkaran va kjent før å vara fæle te å arbe, måtta.  forts.

tilbake til 2003-2 startside

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side 9