|
Vi veida rupe au. Ein vinter tokn Bjarne og je omkring 200 rupar i snara. Men det va like mikkji spår å sjå likevæl. Men et par røsskattar lærte seg å følje ski-renslun våre og sjigna snurua før vi kom. Men ein gong fekk vi tikji'n på fersken. I det samre je kom opp ein liten bakketopp, såg je røss-katten satt på rupa som va gått i snurua. Je heiv hagla opp og skaut og deilte røsskatten nesten i to. |
Men i farten hadde je ikkje fått lagt børsa skikkeleg terette, så rekylen slo meg bakover, - rett i arman på'n Bjarne, som kom bak.
Vi sidde skinnet fint sammen og selte det på marken om våren. Elles har je vel ikkje drivi med juks akkurat. To gongar har je opplevd skikkeleg uvær i fjellet. Ein gong da je skulle hente for på Sandvass-setra. Da la isen seg i ansiktet så je måtte strike vekk islaget med bare hendan, før ikkje å førfrise ansiktet. Det hadde ikkje gått bra særleg lengin. Men det va na heldigvis ikkje så langt før ein kom ned i skauglende derifrå. Den andre gongen skulle Bjarne og je gå over ei åpen slette ifrå Nevretjenn te tregrensa i Møldbrøttlia. Snøfeika sto som isnålur i fjeset, og vi såg nesten ingen ting. |
|
Je va berre guttungen, og va så redd at je gjekk og gret. Den tjukkaste skødda je har vøri ute i, va eingong oppå fjellet vestom Frøvollsetran. Da såg je ikkje lenger ell' hånda føre meg. Men før ho kom så tjukk, røkk je å peile meg ut retningen je måtte hølde før å kåmmå meg ned i ei dæle mot Frøvøll-etran, så je gredde meg uten å vingle. Men å pella møltur i tjukk skødde, det e resikabelt. Da har det lett før å snu seg før ein. Han Bjarne va temmelig stø på retningan, men ein gong hadde'n visst kømmi utor det vesti Frøvøllsmørkin. Men så drog'n kjensel på nokon grånstuvar; der hadde vi høggi tømmer ei stund før, - og da va'n berja. |
Nei, nå're vart uvær, torevær og skødde i tellet, likte je meg ikkje. Je sørga for å kommå meg ned i skøgslende om je såg skødda kom. På den måten har je unngått å gå i ring eller å kommå på villstrå. Je hugsar ein høst, - det va føre krigen, je å 'n Jon Søland va på justring vesti fjella. Vi hadde vøri ved Småtjenna og sea ved Ytrevatna (Flå-vatna). Så vart det skikkeleg snøvær og skødde. forts. |