|
So måtte eg jamt sysle gjemer heruppe for andre i Sigdal og, og på den måten fekk eg fylgje og god hjelp til å jaga både uppover og nedover. Eg hadde heile driftene, for eg tok både fe og sauer, og hest hadde eg med, som kjekk i hamna saman med feet um sumaren. Det var ein hest som kjeringa på Skatvedt brukte å ta seg køyreturar med, då var eg alltid med, so eg kjende han godt. Han var so glad i sukker, for kjeringa hadde skripa han burt. Både eg og hine gjentene hadde litt pjank med, og det la me då i kløva. Me brukte som regel tre jamdøger frå Skurdalen til Eggedal. Mereiste um Fetjastøldalen, og kom då til Storestølen ovanfor Tunnhovd fyrste dagen, til Sundbulia andre dagen, og til Eggedal tridje. |
Me kom ned Slukuskard, ned nokre forferdeleg fæle brekku. Der låg me på ein gard, og sidan var det ned gjenom bygda; der låg me oftast på Tangen. Etter vegen møtte dei upp i træo, dei som hadde krytyr å hente. Var det styggever var det ikkje beine den lange vegen utgjenom alle åsar og fjell. Um nettene var.det å liggje i luer og forsta'ar, og var ein då våt og frosen, so var det nok nustre med mang ein gong. Ein gong kom det slik fæl snø på oss, hugsar eg. Men so var det so heldigt at han Tolleiv Skriun råkte til å reise med sino fe same tida som eg med mino, og so fekk eg slå lag med han. Det var ikkje so greidt å vera berre jenter i slike høve. 14 år dreiv eg med hamnefe. Eg var ikkje meir enn i 18de året fyrste gongen eg reiste utover og 19 år då eg tok til med utmannfe. For hesten fekk eg 8 kr. sumaren, for sauene 40-50 Øre stykket. Var det mjølkekyr, tok eg dei for sagt. Men eg selde all vara, eg, og let eigaren få leiga i kontante pengar, so slapp eg dragse varene med meg den lange vegen til Sigdal. forts. |
|
Fyrste året eg var uttafor hadde eg med meg heimatt det eg hadde tent; men heime i Hol var det slik ti' etter pengar at hadde ein nokre kronur, måtte ein låne dei burt radt, og det var vant um ein fekk dei att. I Skuredalen var det no alt grjønkjøpet som gjorde folk so i beit. So sette eg det eg tente i banken i Sigdal, eg, - der fekk pengane stå ifred.
«du kjem med større løn um hausten enn um våren.» Eg gifte meg i 25årsalderen. Då kom det vel med det eg hadde lagt meg upp. Eg fekk pengane til meg sendt frå banken i Sigdal med o' Hallstein Hjalme; det var slik ein påliteleg kar. På hina le'n var det mange som dreiv medhamnefe. Tolleiv Sveinson Raunsgard (far åt Geila) henta i mange år hamnefe, storfe og sau, i Sigdal og hamna dei i Såballien. |
Fekk gjerne hamne tritt mot å hevde stølane (O. T. Geilo). Far hans gamle Halistein Hjalmen dreiv og med det. Den 25. mai reiste dei utover og henta feet, 14 dagar fyre jonsok hadde dei det i hamnene. Dei reiste so tidleg, for det var um å gjera å få ha kyrne so lenge som mogeleg. Dei for åsane utover og kjekk um nettene, so dei kunde nytte skaren. Hallstein var med på desse turane alt som 10 års gamal gut.
Hallstein var då fjerne so trøytt at han somna ratt han sette seg, og heldt på fryse forderva. Han hugsar at karane reiste han upp, og han stod der stiv som ein pinne og kunde ikkje røre ein fot. Feet og sauene me tok imot vart ført inn i «habneboki» og merkte med tjøremerke. Merket til far var ei tjørestrende under venstre øyra og over rumpa. Mitt merke var ei tjørestrende millom øyro. Av mjølkekyrne svara me avgifter etter som dei var tidde. forts. |