|
I Hol er det mykje meir fjellbeite enn det som trengst til feet i bygda. Tidleg vart det difor vanleg å ta inn utmannsfe og driftefe um sumrane. Dei høgstliggiande beita vart burtleigde til driftebønder. Mange aurlendingar nytta høvet til å få billeg hamn til feet sitt på den måten. Sjugurd og Mons Veum, Ola Brekke og Guttorm Bjørgo låg i mange år i Kitilsbuhallo, Mons og Kristen Steine i Iungsdalen og Johannes og Guttorm Bergkvarn i Ragg-steindalen, alle frå Aurland. (Dette er kjente navn i Krødsherad, Modum og Sigdal. De kom med driftene over fjellet og fant seg odelsjenter her som de gifta seg med og flere beholdt etternavna fra Aurland.) Ein del dreiv med å ta hamnefe utanfrå og utmanns-sau. Dei for ute på bygdene og tok mot fe sumaren over. Her kom på den måten fe frå Modum, Sigdal og Ringerike. I Nygard dreiv dei so mykje med det. Dei fekk gjerne varer i betaling, 2 pnd. smør, 2 gnd_. ost og 2 pnd. prim for vårberu, og 1 1/2 pnd. av kvartslag for tidlegberu. Regelen var at dei skulde ha dei i 12 viker. Mange fekk gjødsla godt upp stølane sine på den måten. |
Driftefe og hamnefe. Henta fra "Folk og fortid i Hol,"
Paul Medhus i Ål har sendt dette stoffet til "Under Norefjell" . |
|
Embrikk Eivindson Mehus fekk sitja på stølane i Einsetlien med slikt fe, berre fordi han gjødsla upp vollane. I Øsmundset på Strønden dreiv dei med utmannssau. Dei flutte dei svære søyene overheile vollen, og fekk slikt gras etterpå at det var svære tingen. Dei hadde 5-6 dalasteigar på Øsmundset den tida. Fleire kvinner dreiv med slikt hamnefe. Ho Borghild unde Eggen bygsla Flådalshamnene og dreiv det rettig stort der uppe. Kari Leino hadde både utmanns-sau og utmanns-fe. Ho tente uttafor um vintrane, og um våren kom ho att med utmanns-fe som ho hadde i Leino. |
Ho hadde heile driftene. Det var alltid mange mjølkekyr med, so ho hadde fullt stølsstell. Ho hadde slike ystingar at! (Ingebjørg Juvo.) Turi Brusletto, Handels-Turi kalla dei henne, for ho dreiv handel som ein kar, henta kvart år fe i Sigdal og låg i fjellet med det um sumaren. Dei fekk som regel med ein hest, som gjekk saman med feet i Beito, so dei hadde noko å frakte varene attende med um hausten. Kristi Kyrudalen, som voks upp i Skurdalen, fortel (1935): Eg tente i min ungdom i Sigdal i 5 år. Kvart år hadde eg med heim hamnefe um vårane, som eg dreiv med meg upp og ned etter åsane. Det var ikkje jamt so beine, men eg tente meir på det enn ved å vera tenestgjente. Eg kom på det ved det at Lars Nygard kvart år dreiv der ute i Sigdal og sanka hamnefe; det var fleire som dreiv med det. So fekk eg med hug til å prøve. Og det gjekk bra. Eg slo meg i lag med Lars Nygard, som eg tente hjå um sumrane, soleis at han sette burt feet for meg med, i staden tok so eg feet hans til og ifrå Sigdal. Eg tente hjå Gunnar Skatvedt den tid. forts. |