2001-1-9

I Hovlannsmarka, like ve veigen som går frå Hovlann te setra ligg de ei ølle som e kalla Pettersølla.

De va ein mann på Hovlann som va så sjuk.

Han kunne ikkje bli fresk.

Men så fekk han den råa at 'n sku hente vann tor denna ølla hver dag.

Han drakk tå detta vannet å vaska sei i de, han bruka ikkje anna vann enn de som vart henta der.

Da va de 'kje lenge før 'n vart fresk.

(Hans Green 1929)

Va 're ongar som såg ut te å bli rare, vart døm smetta unner alterkle i Vatnåskjørkja.

Ho mor va me på å smetta ein onge unner.

De va noko rart me denna ongen, døm va redd 'n ikkje sku bli rekti.

De va fire stikkjir tå døm.

To måtte hølle opp alterkle mens ei smetta ongen unner, å ei tok imot på den andre sia.

Ja, de vart enda mennskje tå gutten.

Rekti ein stor kar vart de.

Je hadde 'n enda i arbi, men han va nokko rart vøksin.

(Ole O. Klabu 1927)

Trøllkunster og anna overtru


2001-1-10

Finnskøtt.

Finnane tok barselriene tå kjærringane å sette døm ut i lause lufta.

Den fiste som møtte dessa riane, fekk døm.

Sjølve føsselria kunne døm ikkje ta tå kjærringane sine.

De va somme som lærte de tå finnane.

Han Ola Mira tok riene tå kjærringa si å sette døm på høggestabben som sto ve peisen inni stugua.

Stabben sto bare å håppa å vrei sei.

Når krøtter fekk finnskøtt, var døm så lause i live.

På krøttera kunne ein gjøra åt før finnskøtte ve å je døm finnkulur.

De e slekke små hårkulur ein fint i skaugen sommetir.

(Oppkast etter rovfugler)

(Jøran Vika/Ole Thorud 1927)

Murua

Han Knut trudde murua va ei tuss som kom te ein nå'n søv.

Han va så jamt ute før et kvinnfølk som ville oppi å ligge me 'n.

Han skuva å skuva 'o unna, men like trå va 'o.

Nå følk va rine tå murua, sku døm som va inne ta å snu skoa døms anføttes å rope døm på namn.

Da sku murua sleppe.

Je va så ille riin tå murua me je va lita.

Da laga 'o mor te ein reiketull tå rekkelrakkel, vivang å tisbust.

Detta røkte ho mei me.

Je vart aller mururiin sea.

Murukvast e slekke tette kvistar ein fint på gran og furu sommetier.

Sette ein murukvast over senga si ell over båsane i fjøse, så fekk ikkje murua ri den som søv unner kvasten.

Den som sku hente sei ein murukvast måtte ikkje gå over ein vei der de va rest lik, jorde ein de, vart de inga kraft i kvasten.

(Jøran Vika 1926)

tilbake til 2001-1- startside

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side 11