|
Han va hoss 'n Ola å sku ta ein gris så like føre jul. Nå hadde 'n Ola ladd børsa færi te'n Knut kom, de va enda slekk ei gammal munnlannings grisebørse. Karane kom sei nå ut da. Han Ola sto me grisedrekke i ett fat, grisen smatta og åt, å 'n Knut tok sekte i skallen på 'n. Demme så small de. "Bøff bøff,"sa grisen å tok sprange. Han va svart over halle hugu tå krureiken. (kruttrøyken) "He! - å e detta før nokko?" sa 'n Knut, han vart aldeles førglant. Han sto å glante ei stunn. Men så vart'n brennvill: "Du har ikkje hatt kule i` sa'n te 'n Ola. "Å- hå-, je e nå ikkje rekti ei våe hell. - Je hadde nå i kula me de samma je ladde. " De trur je ikkje," sa'n Knut. Nå sto sånn hass Ola og såg på denna slaktinga. Han va ein slekk ein liten vadd. "Men du far. De står ei kule inni glase." |
Da va de liksom 'n Ola sjifta meining. Jør'e de" - Ja, da va de inga kule i børsa. - Je hadde bare ei kule je." Døm snakka om å røre svetten, nå døm rørte blo. ( Egg. )
Nå'n Kittil Nareshagan slakta, va de fælt så seigliva krøttera va. Døm låg å spente å hevde sei i lange tier. Slakterane hølle kniven møllom tennane støtt me døm slakta å ikkje akkorat hadde bruk før'n. Jamt kunne blo renne tå kniven, men døm hadde'n møllom tennan likevæl. Døm va aller redde blo slakterane i den tia. Somme tok jamvæl blo i nevan å slurpa i i sei (Eillev Nimo'n) ell døm tok kjøttbetar ta dire å åt. Sjøldaua dir vart bare flådd å grøvi ne. De va nå så stritt me svelteforing i den tia, før ein 50 - 60 år sea, at somme stanna måtte døm ha sæla på dei dira de va værst me, helst ongdira. forts.. |
|
Sælan va festa i take og jikk unner vomma på døm. Sålessen hang døm nå oppe, men de jikk gæli me mange kjinnar te vær vår likevæl. Slekke dir som daua tå svelt, vart au bare flådd og grøvi ne.
De e ein 60 år sea. Der hadde døm tre ongdir henganes i svala om vår'n. 'Døm ørka ikkje bera sei sjøl. Døm daua alle tre, og vart flådd og grøvi ne i ei mir. Døm vart ikkje jett opp på grisan eingong. Følka på gar'n ville ikkje vara ve at de va svelteforinga som jole de. Men de visste je nå så altfør væl, før de va je som stella, og je vart tesett å mikkji de sku vara i vær bitte. Å da kom de att på mei da, vess ikkje foringa røkke te. |
Siste vikune føre døm slakta, ga døm jenne på dira nokko gått, helst småtaffel som døm hakka små å hadde mjøl på. De sku lønne sei gått, sa døm. Døm bruka ikkje å eta tå kjøtte den samma dagen de va slakta. Nå vart de koka kjøttmat mest alle stanna slaktardagen te meddas. Døm jømte unna tå de gamle kjøtte å de gamle fleske så døm hadde te slaktinga, jamvæl boli småstellune.
"De e inga sak nå de rekk så fint ihopp," sa kjærringa, ho åt opp siste fleskebetan da 'o fekk grisongen. Men så sa ikkje alle. Han Ola Mjøsin har vøri slaktar i et par mannsallrar snart. Han har ein gong i sett liv fått kjøtt tå dir han har drøpi samma dagen. De vart så å sei aller nitta så ferskt kjøtt. forts. |