1998-1-21

1998-1-22

Historier etter Engebret Engebretsen på Hamre

Bikkjebett

Til Hamre var det et stykke sønnom eller vestom som nå hører Prestgarden til.

Det kom til Hamre ved et bikkjebett er det sagt.

Pengelån

Han Knut hadde 4 gardar, han var så «ettersittande» som nokon kan vara.

Han kom te følk og bau døm lån.

Når så det vart på det trongaste, gjenne om våren, kom han og krevde sitt.

Men da var det ikkje pengar å skaffe.

Så tok han ettersom han hadde tegode, ei geit, ein sau, ei kvige hellei heil kjir.

Og det va nok ein svær saueflokk han hadde me seg nordpå setra om sommarn.

Ein konfirmant hadde kosta se treie med 6 sølvknappar i.

Han va tå fattigfølk og hadde sliti før klea.

Han va sta og lånte ei ort tå'n Knut før å koste se klea ferdige.

Så kom'n Knut te guten og krevde orta si med det samre.

Men det kunne ikkje Guten betale da.

 " Je har ikkje nokon pengar," sa'n'.

"Men du får vente litte, så ske du få pengane dine att."

Nei, han kunne ikkje vente.

Nå va guten i puss nettopp da'n Knut kom.

Der reiv'n Knut treia tå guten og tok'o te se.

 "Denna treng ikkje slekk ein flakaveng som du," sa'n.

Da 'n Knut låg på det siste og sku dei, kalla 'n te te se alle ongane sine, 12 i talet.

Han sa døm det at han bare kunne få fred om døm ville be før' n alle sammen.

Da ville'n kanskje sleppe å dei den tida det va sett, det va klukka 12 ei natt.

Det va åremålet hass.

Han hadde fått svarteboka, måtta.

Og nå va tida kømmi at han va takendes.

Men så kunne den eine tå ongane hass ikkje komma, det vart bare 11.

Døm gjorde nå så godt døm kunne, ba og les tor dei bøkane døm hadde.

Men da det lei fram imot menåtta, tok'n te å bli urole han som låg der, han va mest ifrå sei.

Da såg døm det frasa og brann i huguputa omtrent som nå n brenner svavel så uvetta ei tå jentune.

"De e best å gvile fist," sa'n Basse-Jon.

Han tok på sei et ållag med slått, men fist gvilte'n så lengen som'n hadde trengt te å slå heile stikkji.

Så det vart herme etter han.

Bekkjelisetra ligg langt innpå.

Ho låg i sameiga til Eggedal, men er nå i Flø-eige.

Der låg bua da'n far va liten.

Han va me'n bestefar oppå med hestane ein våren, men da va bua nedbrønni om vinteren.

Lisetsetra låg lenger frampå i sameiga, men det er uvisst åkken brukte den setra, var det heimseter til Basol ?

tilbake til 1998-1`s startside

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side 23