1997-2-33

Småstubber

Ei råd mot tussen var å strø kjørkejord kring husa.

Døm henta jord frå ei grav og hadde til å strø med.

Der døm strødde rundt, kom ikkje tussen inn.

Når det vart fiskeløst i et vatn, kom det av at tussen reiste med fisken.

Da skulde døm strøye kjørkejord om vatna, så vart det fisk att.

Det var ein mann som gikk og gjorde det.

Da ropa det oppi lia:

«Esle att et le, så får vi fisk, både du og je!"

Det var tussen som satt der og ropa.

Om ein såg tussespell, eller noko anna underjordisk, måtte ein ikkje snakke om det før ein hadde søvi, gjorde ein ikkje det, fekk de underjordiske makta over ein.

Da kunne døm gjøra ein vondt.

På et sted i Sø-Kofsemarka er det et berg døm kallar Bryggeberget.

På det berget har følk sett det har sti'i bryggekoppar ein gong.

Døm hørte det spella inni berget.

Eikjemarka, mellom Eikjesetra og Kvislesetra, ligg Slottstein.

Det er ein stor flat stein.

Han er vond å komma oppå, men folk har vøri mykji der, for den er ganske slettsliti.

Døm har sitti der og sett utover bygda.

I gammal tid var det huldreslott i denna stein.

Følk hørte det spella låttar inni der, riktig fine låttar.

tilbake til 1997-2`s startside

tilbake til Under Norefjell`s startside.

 

sida34,baksidan

 

 

Sparebanken  dekker alle dine bankbehov sparebanken NOR

Prestfoss - 32710131  Eggedal -32714722