|
|
|
|
Dyr som står fast i fjellet, horna på alle dyra i fjøset osv., eller at alt endrar ,seg, t. d. at vatnet vert til vin, eiter og så til vatn att. Parallelt med dette kan det hefta at ein kan venta verskifte ved solsnu. Elles var det vanleg i Sør-Noreg at godt ver solkvervdagen var merke på godt år, og at som veret var då, ville det venta heile vinteren. 23. desember, Tollesmesse, som er eit av namna på vesle julaftan, siktar til pórlákr helgi pórhalsson (1133-1193), som var biskop i Skålhop på Island frå 1178. Ved alltingsvedtak vart han godteken som helgen i 1198. |
Utanom Island vart han dyrka på Vestlandet og i Nord-Noreg. På norske primstavar kan dagen vera avmerkt med ein kross eller ein halvkross. I Rogaland kan Tollak vera skremmevette for born, og han vert nemnd i eit kalenderrim: «Tollak Spole, nott og dag te jole». I Jelsa heldt dei det for farleg for born å vera ute etter det var mørkt, for då kunne dei koma ut for "Tollak med 'lakabytto". Er det uver tollemessdagen, blir det uver heilt til kyndelsmesse 212, heiter det i grenseområdet mellom Troms og Nordland. Desse to merke-dagane er også knytte saman i annan kalendarisk tradisjon. forts. |
|
|
|
|
I Bindal har dei rimet: «Tollesmessafta og kyndelsmessdag står ved lag i all sin dag». Samanhengen er at dei to alltid kjem på same vekedagen. Frå Nordland og nordover kunne natta til tollesmessdagen ha namnet Lussi-lang-natt. I Bindal seier dei at det var to netter før jul som var rette datoen. «Alle påstår at ho er flytta i almanakken». I Ballangen heiter det: «Tollesmessnatta gav ein buskapen ekstra, for natta var så lang». I Nordmøre, Trøndelag og Nordland har dagen stundom namnet sjursmesse, utan at ein kan seia kva det kjem av. |
Frå Gauldalen i Sør-Trøndelag står følgjende merke hos Joh. Th. Storaker: «Regner det paa Sjursmessedag, bliver det Regn i 7 Uger». I «Nordens» primstavnotisar frå 1867 vert dagen kalla Clemet.
Namnet må med eit misstak ha kome hit frå 23/11. Tomas 21/12, solvervsdagen 22/12, juledag og nyårsdag på ein primstav frå Telemark, datert 1707. Norsk Folkemuseum 247-95. 24. Julaftan er ikkje avmerkt på dei norske primstavane, og mest all merkedagstradisjon er knytt til julenatt eller første juledag. Likevel finn vi ofte at eldre og heidne element slår igjennom. |
tilbake til 1997-2`s startside
tilbake til Under Norefjell`s startside. til side 31