1997-2-27

 

Andre merketradisjoner før jul.

Hansken symboliserer her Tomasmesse, sola symboliserer at sola "snur" og hornet første juledagen.

Kirken er ofte brukt som symbol på nyårsdagen.

Fra Brynjulf Alvers bok

"Dag og merke" tar vi med:

Tomas eller tomasmesse er i kyrkjekalenderen minnehøgtida for apostelen Tomas, «den vantru Tomas».

Han arbeidde som misjonær i Persia og India og leid martyrdøden eitt av åra etter 67.

Han vart gravlagd i Mailapur nær Madras i Bengalen.


1997-2-28

Den norske tradisjonen har lite med den kristne Tomas å gjera.

Christen Jensøns primstav hår ei bøtte som merke for dagen, og da «kommer Tommis med Bøtten oc gifuer Malt Vatn til Juel».

No venta dei linnver, som ulike stader kan heita lefsetøyren eller kakelinna.

Over heile landet er det tradisjon for at denne dagen skulle juleølet bryggast, og dagen vart kalla Tomas bryggjar, Tomas fulltønne, Tomas i solhvervene eller Tomas med lagebytto.

I «Nordens» primstavmelding frå 1867 vert det sagt at «før Thomas og Solhvervene maatte Juleøl ikke brygges, og den gemene Mand er meget for ferskt øl til Julen, som de sige, giver friskt Blod».

I Seljord hadde dei oppskoka den dagen.

Trass i dette synest det just å vera i den litterære primstavtradisjonen vi finn ei bøtte, på Willes primstav finn vi ei tønne.

Primstavane har gjerne krossar, ringar, pilar eller ei krone.

I Hardanger var lussinatta tre dagar før jul, og dei har der mykje den same tradisjonen den dagen som dei andre stader har 13/12.

I Fjotland kom Tomas som kontrollvette og såg etter.

I eit rim heiter det:

«Tomas kinn jagar jula inn.

Då for han runt i kvar krone i alle hus, di kunne høyra kor han duna».

Liknande rim har dei i fleire bygder i Vest-Agder.

«Kinn» må vera'kind' i tydinga 'barn'.

I Vestfold måtte vedskjolet vera fullt innan den dagen da «jaga de; Tommes».

Var dei ikkje ferdige med juleveden, kom Tommes og skeit på stabben.

I desse og liknande tradisjonar har vi kan henda eit minne om at julefreden vart lyst inn tomasmesse i gamle dagar.

tilbake til 1997-2`s startside

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side 29