1997-2-25

 

 

Etter Brynjulf Alver (Dag og merke) er det ei kjyrkjehøgtid til minne om den heilage Lucia frå Syrakus, som leid martytdøden under keisar Diokletians kristenforfølging år 304.

Det går fleire legender om martyriet hennar.

Ei av dei fortel at Lucia vart lova bort til ein friar av familien, men ho hadde sjølv lova å leva som jomfru heile livet.

Festarmannen melde henne til styresmaktene for di ho var kristen.

Dei ville føra henne til eit horehus, men fekk henne ikkje av flekken enda tusen mann og fleire oksar vart tekne til hjelp.

Dei prøvde å brenna henne på bålet, men enda dei hadde godt med olje på, fekk dei ikkje bålet til å brenna.

Til slutt fekk dei livet av henne med eit sverdstikk.

Ho vart seinare dyrka over heile Europa.

Dei norske primstavane synest berre i liten grad å vera merkte av den kyrkjelege tradisjonen.

Krossmerker og vertikale streker er svært vanlege.

Dei siste har ofte ein trekant el. firkant på toppen og har vore tolka som eit lys. forts,,...

Luciamesse

Den 13. desember er Lussimesse - Lussinatta eller Luciadagen.

I "Under Norefjell" nr 2 1990 har vi skrevet om Lussinatta og gjengitt et sagn som Andr. Mørch har skrevet ned.

Her tar vi med stoff om Lussinatta, ellet Luciadagen, som vi finner i andre kilder:


1997-2-26

Det kan i  tilfelle ha samanheng med namnet hennar, Lucia tyder lux, lys.

Den litterære primstavtradisjonen med Christen Jensøns opplysningar frå Askvoll som inspirasjonskjelde har noko som kan tolkast som ein lyster eller ei lysterkorg.

«Da fangis Soelhoff Fisk»,  skriv Jensen.

Fleire primstavar har ei krone, slik vi ofte finn det for kvinnelege martyrar, og det er ein rimeleg tanke at lysteren eller lysterkorga er ei omtolking av denne.

I Nordhordland og tidlegare også på Voss var namnet på dagen oftast mongsmesse eller mongsmessnatt.

Dette er minne om den heilage Magnus Orknøyjarl, som vart lyst heilag 13/12 1135.

Over heile landet finn vi tradisjon om at lussinatt var den lengste natta i året, dvs. vintersolkverv.

Dette har samanheng med kalenderlærdom, enda om det nok først og fremst vart spreidd munnleg.

Også bondepraktikaen kunne læra dette frå seg:

«Sankt Lucia den længste Nat formaa», heiter det der.

Det er i samsvar med dette at ein fleire stader kallar lussinatta for midvintrenatta.

I Sunnhordland meinte dei at bjørnen snudde seg i hiet då.

I Fitjar heiter det: «Kui rauta då midt på natti og sa:

Lussinatti er so longe.

Veren breka som svar:

Ja, den er som tvo.

Over store delar av Norden har dei rekna på at den eigenlege juleperioden tok til med lussinatt.

I Noreg er det vanleg tradisjon at alt grovarbeid skulle vera ferdig til då.

Særleg vert det fortalt mykje om at ein ikkje måtte gjera arbeid som det var kringgang i, maling, baking, spinning osv., og lussi kom sjølv som eit kontrollvette og såg etter at alt gjekk rett føre seg. forts.

Etter den dagen måtte born ikkje vera ute etter at det var mørkt, for no var julereia ute og ferdast, og julesveinane tok på veg frå stølshusa og ned mot bygda.

Førestellingane knytte til lussi som solkverv er mykje identiske med førestellingane knytte til 21/12 og julenatt.

I Krødsherad fortalte Isak Tunga om lussinatta, at den skulle være så dryg.

"Lussinatta lange», sa kira den tida dyra kunne snakke, og beit i bandet tre ganger. "Lang som to," sa saubukken. "Fanfari at ho e." sa geita.

tilbake til 1997-2`s startside

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side 27