|
AMERIKATUREN Ragnvald Bøe forteller til sønnesønnen Harald Bøe i 1979.
Je bestemte mei før å reise te Amerika. Je hadde festa hardt, både på Hamremoen og i Slevika nokon da"r. Da je kom heimatt sa je te "n far at detta går inkje lenger, je reiser te Amerika! Han meinte nå at detta va bare no je sa, men je resste. Reisepengane va pengar je tente på å lesse tømmer på jernbanen i Krødsherad og det je fekk da je seilte butikken. (Se s. 4 og s. 14) Je tok toget te Kristiania. |
Je trefte på to karar frå Snarom, Ola Stigen og Nils Myre som au sku reise over. Frå Kristiania resste vi med ein båt som heitte "Montebello" over te England, de va ein liten fillebåt. I England tok de åtte dar før vi resste viare, vi ville reise me ein større båt over Atlanter'n. De vart ein stor båt på 22 000 tonn som vi resste me, den hette "Cederik". Reisa frå England te Amerika tok fjorten dagar, vi kom inn te New York. Je vart nekta å kamma iland fysst før de at je såg berre på et auge, je hadde øylagt det me je høgg ved, men så fekk døm undersøkt auge på mei, og så slapp je iland. Vi resste te Dakota, men vi stoppa både i Chichago og i Minneapolis. Vi arbette på ein farm te treskinga va over. Så kom je te ein som hette Solberg, der va je te over jul. Så arbette je på linna, på jernbanen. Je pakka sand og stein under slippertan, detta dreiv je me te utpå høsten. De va fleire norske som arbette der på linna. Om høsten reste je te vestkysten, je og ein kammerat. der spadde vi grus oppi jernbanevognar, de va tongt arbe, åsså så høgt vi måtte heva (kaste) grusen, men de va'kje rart (stort) vi tente, je trur de va tre daler dagen. Men så vart de slutt, de va ein førti mann som vart ledige der. Da resste vi te'bars att. Vi kom te ein svenske , ein me trebein, der fekk vi mat og da hadde vi ikkje eti på lange tier. |
|
Så kom vi tebars te
Portland, je hadde firinga (fyringa) på ein skole ein vinter, vi fira me
strå
Je va hos Flatland han dreiv me hestar, tråvhestar. Han hadde åtte tråverar, eller "runway" hestar som de hette der. Eingong kjørte je ein hest som det ikkje va kjørt noko me før, denna hesten hette "Jenny". Dessa andre der klarte ikkje å få kjørt me denna hesten, de måtte vara ein tre-fire mann tå uss før å få spent 'o før, så kjørte je 'o te ein anna by der og tebars att, og da va 'o temt. Det vart ein rask tråvar tå denna hesten, je vant au et løp me'n, da fekk je femti daler (dollar) tå Flatland. Etter det arbette je på resturang ei ti, der serverte je mat og drekke. Je måtte slutte der, je vart jaga - je ørka ikkje opp om mårån, je dreiv på te klukka va 12 om nåtta og så va 're mange som sku ha mat om mårån, de va 'kje rå før mei å greie detta. Så va 're sister te sjefen min som hadde klaga, je ba 'n reise te Bloksberg. Så fløtte je bare rett over gata te Fjell, de va samma arbi der, og de gjekk bra. Men så kom 'n Ola Eigarn og bau mei 50 daler i månen, så slo je te på det. Der va je te je resste (reiste) og der hadde je de rekti godt, men han va fali, ja, han gjorde aller mei no, je hadde handbø. |
Han tura fælt somme tier og de va ein stor kraftig kar, han va frå Vallers. Eingong han hadde tura fælt laga je te mat te 'n.
"Nei, je ske kje ha no", svara 'n. "Jau, nå ska 'ru eta -je har Øl au", sa je. "Du e'nå snill au du," sa 'n da.e va så vart (varmt) me je va der hos 'n Ola, de va så vart at je trudde je sku daua, vi grov hol i jorda og stakk hugu ne'i før å sleppe litt unna varmen. De va spellint før hestane, han Ola trudde nesten at 'n hadde mista ei børkute merr, rundt omkring der daua de 18 hestar, men de vart fin avling de åre. Indianerar såg je i Montana, je hadde ein liggandes på kammerset mett ein åtte dagars ti, han likte je godt, han gjorde ingenting dei dagane og han fekk mat tå mei. Je såg au negrar, men je hadde ikkje noko me døm å gjøra. Da je sku reise heimatt te Norje var je åleine på turen. Je sku resst sammen me ei sme og kjærringa hass, døm hadde ei bikkje som dom meinte å ta me sei, men så fekk døm ikkje me bikkja på båten så da ga 'røm over.
|