1994-2-13

For det er ikkje ei "naturleg utvikling av dialektane" som går føre seg i Krøds-herad, det er eit totalt språkskifte frå ei dialekt som ligg normalnynorsken svært nær (Mørk 1983), til eit austnorsk bymål prega av ein god del moderate bokmålsformer, pådytta gjennom massemedia.

Finst det alternativ til ei slik utvikling?

Det er vanskeleg eller beint fram umuleg å slå fast heilt sikkert.

Det einaste ein kan vere nokså viss på, er at dersom utviklinga får gå som hittil utan spesielle tiltak, vil vi få eit språkskifte i neste generasjon.

Eg brukar med vilje ordet "språkskifte" for å markere at talemålet i Krødsherad etter dette skiftet vil få ei heilt ny forankring i forhold til våre skriftnormalar.

 

Alternativet må vere at folk i bygda

 1) Ønskar ei anna utvikling, og

 2) er villige til å stille opp med ein kraftfull innsats for å snu dagens trend.

Det er nemleg ikkje nok å spele ballen over til skolen og kulturetaten.

Det må også finnast eit utbreidd ønske blant bygdefolket om å fremje kryllingmålet, og det må bli gjort ein innsats av folk flest for å lære ungane kryllingmål og oppmuntre dei til å bruke det, både heime og ikkje minst på skolen og blant kameratane.

Skolen og kultur-etaten skal avspegle folkeviljen, i samsvar med demokratiske tradisjonar.

Dersom fleirtalet av bygdefolk krev det, pliktar dei å gjennomføre tiltak for "språkeleg miljøvern" i Krødsherad.

Slike tiltak har eg foreslått i eige skriv til kommunen, og eg kan nemne forslag om konkurransar for ungdom som går ut på å samle dialekt til-fang, skrive historier og / eller slagertekstar på kryllingmål og spele teater på bygdemålet.

Det som mange vil rekne som eit svært ytterleggåande framlegg, reknar underskrivne som det mest effektive:

Å bruke regelen om at ti elevar er nok til å skipe ein nynorsk-klasse på Noresund for ungar frå både Noresund og Krøderen kretsar.


1994-2- 14

Sluttord.

Eg vil få takke skoleetaten i Krødsherad for god hjelp til innsamlinga av tilfang for denne oppgava.

Spesielt vil eg få takke lærarane Geir Waaler og Georg Trommald ved Krøderen ungdomsskole, som gav meg ein heil dag til rådvelde i to åttandeklassar, og Ingeborg Aarflot Holte og Gunnar Bilstad ved Noresund skole, som let meg få innpass i femte og sjette klasse ved skolen.

Hartvig Sætra avsluttar oppgava med noen merknader.

Bl. a. ei opplysning om at det er omlag samme utviklinga i Svene i Flesberg.

Han har også ei litteraturliste til slutt.

Redaktøren har noen merknader til mellomfagsoppgava.

Det ser ut til at Sætra ikke har hørt om Tverrdalene og hvilke bygder som hørte til det området.

Tverrdalsmålet som Erland Snersrud snakka om hadde bakgrunnen sin i et område som blei kalla Tverrdalene, og som omfatta dalene langs tverrelvene til Drammenselva.

Tverrelvene er Snarumselva (Krøderen ned mot Vikersund)og Simoa, om elva i Bingen ( Fra Skotselva Nordnordvest  mot Bingen-(Lyngdal) Austskogen/Nordskogen)  hørte med er ikke sikkert.

De fjerdingene som Tverrdalene besto av var:

Krødsherad, Snarum, (Krøderen ned mot Vikersund) Eggedal, Singedal og Sigdal. Sigdalsfjerdingen gikk helt utover til og med gårdene Buskerud og Hassel, altså helt utover mot Skotselva.

Tverrdalene er nevnt som et geografisk område i flere gamle dokumenter, det mest kjente er vel det der dronning Margrethe gir Tverrdalene i len til Bendikt Nikulausson i 1388.

Som det framgår av dette har ikke Flesberg noe med Tverrdalene å gjøre.

Flesbergmålet er nok likt kryllingmålet på mange måter, men det skiller seg samtidig også klart fra denne dialekta.

Dialekta i Sigdal, Eggedal og Krødsherad er derimot så lik at jeg mener at det bare 'er "innfødte" som hører forskjell.

Når Snarum, et par skolekretser i nedre Sigdal og Simostranda med Nykirke nå har ei dialekt som er noe forskjellig fra resten av området kan det vel også være en bekreftelse på teorien om at "fjellbygdmålet" har blitt trengt oppover dalene av "flatbygdmålet"?

Jeg vil prøve å komme med noen tilleggsopplysninger til Sætras oppservasjon om at talemålet er meir likt på tvers av dalene enn langsetter, noe som er helt riktig.

Vi veit at i gammel tid gikk ferdsla mye mer på tvers av dalførene, vi kan nesten si det slik at elvene stengte mer enn de bandt sammen.

Spesielt sterke var banda mellom Krødsherad og Sigdal.

tilbake til 1994-2`s startside

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side 15