|
I forhold til 8. klasse var det fleire som hadde foreldre frå bygda i desse klassane, men situasjonen med omsyn til dialektbruk var ikkje særleg forskjellig. Det vart rett nok innvendt frå skolen at eg hadde fått eit litt skeivt utval, men det hadde neppe betra bildet vesentleg om eg hadde bytta ut eit par av informantane, som var tilfeldig utplukka av meg.
Av dei åtte var det to som var ganske støe i kryllingmålet. Paradoksalt nok har den eleven som var mest typisk dialektbrukar, berre budd i bygda dei siste fire - fem åra. Det tilfelle er eit godt bevis på at det er haldningane i familien som er avgjerande, ikkje "fartstida" i bygda. Det som i ettertid verkar mest nedslåande ved intervjua, er kor dårleg artikulert talen hos mange elevar var. Delar av talen var nesten uforståeleg på grunn av lydar, ord og endingar som vart "slukt" av språkbrukaren, eller fordi språket meir eller mindre var ute av funksjon. |
Slike fenomen er elles kjent hos barn frå innvandrargrupper eller etniske mindretal, fordi den "koderi' dei har "inni seg", ikkje stemmer med det språket dei forsøker å snakke. (Trudgill 1983) Det er ganske klart at ungar med foreldre som snakkar krylling, vil bere med seg store delar av denne koden. Lojaliteten mot foreldre og besteforeldre vil slå gjennom og styrke "kryllingkoden". Men skolesituasjonen vil presse på dei ein annan kode: Bokmålet, som dei møter i bøkene, og det bokmålsnære talespråket, som er underforstått definert som "riktig" elevane imellom.
Alt dette blir også einsidig pådytta gjennom NRK og andre TV- og
radio-kanalar, der dansk og svensk talemål er vanlegare enn norsk
bygdemål og dialekt, og der dialektane frå innlandsbygdene på
Austlandet blir spesielt kraftig diskriminert, for ikkje å seie beint
fram
Mange av desse elevane er "to-dialektale": Dei snakkar krylling heime, spesielt med besteforeldra, mens dei snakkar eit bokmålsnært talemål så godt dei kan når dei kjem på skolen. Svært få av lærarane er frå bygda. Å møte meg som intervjuar i skolesituasjonen blei kanskje litt forvirrande, fordi eg snakka krylling. |
|
Det kan ha forsterka vanskane for slike elevar, spesielt når temaet var kryllingmålet: Det var forvirrande å slå på "heimeknappen" i skoletida, og enkelte klarte muligens ikkje å takle dette, derfor oppsto det vanskar med talen. Eg var ikkje heilt klar over kor landet låg før ei jente tok opp dette spørsmålet på eige initiativ, etter at intervjuet var slutt. Eg slo på igjen, og fekk det med. Etter denne episoden spurde eg resten av elevane om dette, og fekk stadfesta det frå fleire. Dette "to-polare" språkelege nettverket ser altså ut til å presse på ungane ein kollisjon mellom to kodar. Kryllingmålet og det herskande bymålet er så ulike at ungane blir ståande midt inne i eit regelrett språkskifte. Det fører til enkelte fenomen som underskrivne har støytt på i Nord-Troms, i brytningsområdet mellom tre språkkulturar: Samisk, finsk og norsk. Eg har ikkje inntrykk av at skolen i bygda på nokon måte motarbeider dialektbruken direkte. |
Tvert om var det atskillig velvilje å finne for mitt prosjekt. Men ein kan vel seie at skolen ikkje har tatt skikkeleg fatt i problema, og burde støtte dei dialektbrukande elevane langt sterkare enn det som skjer idag. Skoleverket i bygda bør merke seg at to elevar, ein i femte klasse og ein i åttande klasse, utan å bli spurd av meg, kom med indirekte kritikk av skolen si haldning til dialektbruken. Det er spesielt imponerande gjort av ein femteklassing, og bygda bør vere glad for slike reaksjonar, spesielt skoleverket. KONKLUSJONAR. Det seier seg sjølv at feltarbeidet og det statistiske materialet i denne undersøkinga er svært spinkelt, og at ein derfor må vere spesielt forsiktig med vidtgåande konklusjonar. På den andre sida er det utanfor all tvil at kryllingmålet i dag blir brukt av eit mindretal av ungane i bygda. Dersom utviklinga held fram som nå, vil kryllingmålet sannsynlegvis vere utradert om tretti år frå idag. Da vil Krødsherad ha ei langt meir Oslo- og bokmålprega dialekt enn store byar som Drammen, Sandefjord og Larvik. |