|
TOLKING AV TABELL II A.
Inntrykket frå intervjurunden tyder på at det berre er to av dei som tabellen omfattar, som har eit bevisst forhold til dialektbruken. Minst ein av dei har det vi kunne kalle eit vaknande idealistisk forhold til kryllingmålet, og er medviten om at han på ein måte skil seg ut og representerer eit kulturelt alternativ til kameratflokken. Her følger igjen noen tabeller som ikke blir tatt med. Det er sjølsagt nedslåande at av dei 25 har 15 nokså nedlatande og direkte negative haldningar til kryllingmålet. På den andre sida er haldningane til å snakke krylling sjøl overraskande positiv. Mens det berre er to med utanbygds foreldre som synes at kryllingmålet er "pent", er det faktisk tre som kan tenke seg å snakke krylling på eit seinare tidspunkt! I og med at slike utsegner er lite forpliktande, skal ein vere forsiktig med tolkningane, men eg vel og oppfatte det som eit lyspunkt |
Seks av fjorten er lei seg for at dei ikkje snakkar dialekta, og vil gjeme prate krylling seinare. Tabell III viser stor vilje til å lære meir om kryllingmålet: For å teste alvoret i dette engasjementet, la eg inn eit spørsmål der eg føresette at å lære meir om kryllingmålet inneber å lære meir om nynorsk. Med dei ganske
bastante haldningane mot nynorsk som lett spreier seg på det nivået i
ungdomsskolen, skal det både innsikt, omtanke og mot til å seie
At heile fire av fjorten likevel gjør det, reknar eg som eit spesielt sterkt signal om eit positivt engasjement. Eg ser i ettertid at det er ein ubalanse i skjemaet mellom plussord (berre eitt: "pent") og minusord, som det er gitt fire alternativ av. Kanskje ville eit balansert utval av plussord gitt fleire positive utslag. |
|
TABELL II C.
Matrialet er lite og svært usikkert. TABELL II A viser at ingen er mobba for å snakke krylling. Derimot seier seks at dei er mobba for ikkje å bruke dialekta. Eg forsøkte å spørje dei ut under intervju-runden etterpå, og fekk tak i to som meinte dei var mobba for ikkje å prate krylling - av eldre. Dei forklarte at "mobbinga" skjedde slik: Eldre folk av elevens eigen familie hadde tatt opp spørsmålet om dei ikkje burde lære seg bygdemålet. At dette kan kallast "mobbing" er i alle fall for underskrivne heilt uakseptabelt. Sjølve situasjonen under eitt, med press frå medelevar, frå aviser; vekeblad, radio og TV, og dertil bokmål i alle skolebøkene - er ei einaste lang "mobbing" av elevanes heimemål. Den einaste motkrafta mot trykket på kryllingmålet er slike reaksjonar frå eldre folk - som altså av enkelte elevar blir oppfatta som "mobbing av dei som ikkje snakkar krylling". |
Det ligg eit vel så stort ansvar på bygdefolk sjølve og på den politiske leiinga i bygda. Det er sterke samfunnskrefter dei har mot seg. Men det ser ut til å være gjort lite for å demme opp mot utviklinga.
Her starta arbeidet med at eg hadde ein time i kvar av dei aktuelle klassane, 5. og 6. årstrinn. Ein kunne kalle det eit slags "miniseminar" i forhold til det som vart brukt i 8. klasse. Etter dette tok eg opp intervju med fleire av dei elevane som har foreldre frå bygda. Ein del av desse intervjua er skrivne ut i norvegia og lagt ved oppgava. |