|
Eg valte å konsentrere meg om to klassetrinn: Åttande klasse i ungdomsskolen, som er på Krøderen for alle klassetrinn, og femte klasse ved Noresund barneskole.
I åttandeklassen vart det gjennomført eit tre timars "seminar" om særtrekka ved kryllingmålet, slik eit vedlagt kompendium viser. Etter dette gjennomførte eg ei spørjeundersøking omkring haldningane til kryllingmålet og til norsk språk generelt. Til slutt vart ein del elevar med foreldre frå bygda intervjua også her. b) Seminar om kontrast-grammatikk for kryllingmålet i 8. klasse. Eg fekk heile dagen i dei to åttandeklassane ved Krøderen ungdomsskole til rådvelde for dialektseminar og spørjeundersøking.
Elevane skulle fylle ut ein eigen "kryllinggrammatikk" i kontrast til tillatne former i bokmål og nynorsk. Dessutan skulle dei merke av kva former dei sjølve brukte. Eg illustrerte kåseriet om kryllingmålet med ein del morosame historier frå bygda. Når det gjelder tabeller og skjemaer vil red. henvise til Sætras utrykte del av mellomfagsoppgava. |
c) Spørjeskjemaet etter seminaret. Etter at det tre timars seminaret med generell dialektlære og gjennomgang av særdrag ved kryllingmålet var over, skulle elevane svare på eit spørjeskjema.
1) å få ei vurdering frå elevane sjølve om dei snakkar krylling, 2) å kartlegge haldningane til kryllingmålet hos elevane. Spesielt ville eg samanlikne haldningane hos elevar frå reine innflyttarfamiliar med familiar der den eine eller begge av foreldra er frå bygda. 3) Finne ut korleis elevane vurderer framtida for kryllingmålet. Spørjeskjemaet er lagt ved rapporten. Resultata er sett opp i tre tabellar. |
|
TOLKING AV TABELL I. Tabellen stadfester det inntrykket som svara på seminaroppgavene gir: Det er i underkant av 20% av åttandeklassingane i Krødsherad som snakkar kryllingmål. Det er to frå ytterbygda som oppgir at dei snakkar krylling.
Dei oppgir at dei har foreldre og besteforeldre som er stabile dialektbrukarar. Ingen av dei har naboar som snakkar krylling, men dei har kameratar som snakkar dialekt. Det kan tyde på at elevar som brukar dialekt, søker kameratar blandt dialektbrukarar frå andre delar av kommunen. Dei tre som kjem frå reine innflyttarfamiliar i same området, har liten omgang med dialektbrukarar i bygda, både når det gjeld naboar og kameratar. Nærmare undersøkingar vil vel vise at desse bur i byggefelt med sterkt innslag av innflyttarfamiliar, og hverken har høve til eller behov for å omgås dialektbrukarar. I midtbygda er det tre som oppgir at dei snakkar krylling, men to av dei er litt tvilande og kritiske til om dei snakkar "rett". Intervju med ein av dei siste viser at vedkomande i hovudsak må kallast dialektbrukar, men at han brukar former som ein kritisk familie kanskje vil reagere på. |
Også her kjem mange frå reine innflyttarfamiliar, seks av seksten. Her oppgir langt dei fleste at dei har naboar og kameratar som snakkar krylling. Det tyder på at midtbygda er mindre "segregert i dialekttalande og ikkje-dialekttalande område.
Til nå har midtbygda vore ganske stabil i dialektbruken: For somme familiar har bokmål fungert som sosiolekt i generasjonar, mens dei fleste har snakka krylling fram til dagens trettiåringar. Dette er nå tydelegvis i ferd med å endre seg dramatisk med dagens ungdomsgenerasjon. Sjølv om materialet frå Øvre-bygda er klart skeivt, kan ting tyde på at ei liknande utvikling er på gang der. Øvrebygda har vore sjølve ankerfeste for kryllingmålet. Sviktar også det? |