194-2-5

Mellom "moderat bokmål" og kryllingmålet er avstanden svært stor, så stor at det er snakk om eit totalt kodeskifte i den forstand at fundamentale språkelege særmerke, som bøying av verb og substantiv og bruk av personlege pronomen, er heilt ulikt i kryllingmål og bokmål, spesielt bokmål med konservative (moderate) former.

Eg viser i den samanhengen til den kontrastgrammatikken eg har utarbeidd, og som er lagt ved oppgåva.

For ungar som snakkar krylling og er medlemmer av ein kryllingtalande familie, blir "moderat bokmål" langt bortimot eit fremmendspråk, på linje med svensk og dansk.

Derfor får vi ein del spesielle fenomen hos informantane under feltarbeidet, som eg skal komme tilbake til.

I mi barndomstid var kretsane i øver- og midtbygda ganske eintydig dialekttalande, det same var tilfelle med "skaugane", Runn-, Rishovd/Redalen-, Glasrud- og Finnerudskaugen.

Men også kommunesenteret Noresund og "flatbygdkretsen" Fyrand var ganske eintydig dialekttalande.

Det var berre i sekundærsenteret Krøderen (Håkonsrud krets) at det var fastbuande folk som snakka bymål - knota - som vi sa.

I tillegg var det oftast slik at innflytta over- og mellomklassefamiliar snakka det som vi oppfatta som "bymål" i generasjonar.

Unntaket var gjerne lærar- og prestefamiliar der fedrene kom frå andre stader i Bygde-Norge.

Men familiar med foreldre frå byane hadde nesten utan unntak bymålstalande barn og barnebarn!

Slik går det vanlegvis ikkje når familiar frå det sentrale Austland flyttar til Trøndelag eller Nord-Norge.

Der blir barna lettare assimilert av miljøet.

Allereide etter vinterolympiaden på Norefjell i 1952 vart det ein "koloni" av fastbuande bymålsbrukarar knytta til hotell- og alpinmiljøet.


1994-2- 6

Men til deiras ros skal seiast at det aldri var noko openlyst språkeleg press på bygdefolk som var tilsette i hotellnæringa, så langt underskrivne har registrert.

Det ville vel heller ikkje gagna turistnæringa:

Folk frå dei store byane er neppe så sjåvinistiske at dei krev at bygdefolk skal knote bymål.

Tvert imot har eg registrert irritasjon hos enkelte over dette.

Folk vil gjerne høre "eksotiske" bygdedialektar når dei drar ut i Fjell-Noreg på ferie.

Etter kvart som Norefjell vart ein turistmaskin i "jappetida" i åttiåra, kan det ha gått føre seg eit skifte.

I dag er det mangt som kan tyde på at dei gamle liberale og tolerante haldningane til kryllingmålet er på veg ut i alpin- og hotellmiljøet.

Det er merkbart i den spørjeundersøkinga som vart gjort under feltarbeidet.

Desverre tyder det materialet underskrivne har samla, at denne utviklinga også er i frammarsj i andre delar av innflyttarmiljøet.

Det er opp til folk i dette miljøet å vise i praksis at slik er det ikkje.

Og da er det ikkje nok å stille seg likeglad (indifferent) til kryllingmålet, det er i praksis å stille seg med korslagde armar som vitne til ei avretting.

FELTARBEIDET I 1992.

a) Intensjonane.

På bakgrunn av det som er konstantert framfor, ville underskrivne gjerne få svar på følgjande spørsmål:

1) Korleis har utbygging av turistanlegg, industri og "sjømannsbyar" verka inn på bruken av kryllingmålet hos dei nye generasjonane i Krødsherad?

2) Finst det bergingsvon for kryllingmålet i framtida?

Vil det gjennomgå ei meir naturleg utvikling, eller vil det skje eit regelrett språkbytte til ei form for "austnorsk bymål"?

For å få svar på dette, var det nødvendig å intervjue skoleelevar i bygda.

Spesielt var det viktig å snakke med dei elevane som kjem frå familiar der det blir snakka krylling framleis.

Er det så at også desse elevane går vekk frå bygdemålet?

Kanskje dei brukar to talemålskodar, ein for heimen og ein for skolen i kameratkrinsen?

Kva er årsakane til dei endringane som skjer?

Er det ønskeleg å motarbeide desse endringane.

Og i så fall:

Er det mulig?

tilbake til 1994-2`s startside

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side 7