1994-2-3

I nedre Hallingdal har altså ein enklave med austtelemål overlevd i ein befolkning på under 2000 menneske, og på ein strekning på under fire mil.

Det er større likskap mellom Breivik og Gransherad enn mellom Breivik og nabogardane i Flå, og det er betre samsvar mellom Finnerudskogen og Heddal enn med grannane på kraftverket ved Ramfoss.

Dette gjeld i alle fall sentrale gramatiske kjennemerke som personlege pronomen og substantivbøying.

Når det gjeld verbbøyinga, finn vi meir glidande overgangar i området.

Krødsherad har pronomenet je felles med Modum og nektingsadverbet ikkje felles med midlandsmåla.

ltakismen i Krødsherad og Flå smitta til ein del av Modum, men den særmerkte ao - diftongen for å i Modummålet må ein heilt til Lærdal i Sogn for å finne att.

Jfr. Hunstadbråten 1973.

Desse klare avgrensingane mellom dialektane i Modum, Krødsherad (med Sigdal og Eggedal) og Flå har halde seg ved lag i fleire hundre år, fram til våre dagar.

Skilnadene mellom Krødsherad og Modum er dei skarpaste og prinsipielt mest djuptgåande, da dei fangar opp vesentlege skiljemerke mellom nynorsk og bokmål.

Kryllingmålet ligg svært nær normalnynorsk i dei fleste grunnleggande særdrag, jfr. også den store undersøkinga av forholdet mellom norske dialektar og nynorsk/bokmål ut frå databaserte samanlikningar.

 (Vidar Mørk 1983)

Tidlegare forskning på dialektane i Øvre og midtre Buskerud.

Forunderleg nok er det svært lite frå vitskapleg hald om målet i Krødsherad og Sigdal/Eggedal. Andreas Mørch (i 1932 og i 1965) har gitt ut tekstar på Sigdalsmål og skrive ein del om målføret i bygdebøkene sine.

 (Mørch har dessuten laga et svært godt og fyldig målførearkiv som er tilgjengelig på museet i Sigdal. Red. anm.)


1994-2- 4

I Krødsherad er ingenting gjort, utanom det som ein del dyktige amatørar har gjort utan fagleg assistanse, til eksempel Ingeborg Golberg.

Modummålet fekk si avhandling ved Kai Hunstadbråten (1973), og hallingmålet er utgreid av Kjell Venås (1977).

Flesberg-målet har fått sin gramatikk ved Tov Flatin, og Ingeborg Hoff har skrivi ei avhandling om Numedalsmålet under eitt. (Hoff 1949).

Den kritiske stoda for kryllingmålet aktualiserer derfor eit sterkt initiativ for å få kartlagt denne særmerkte dialekta før det er for seint.

Dette burde for lenge sia vore den høgast prioriterte oppgava for kommunens kultur- og skoleetat.

LITT OM KRYLLINGMÅLET I DETTE HUNDREARET.

Da Anders Hovden vart prest i Krødsherad kring 1900, (1902) var han ikkje berre ein målsmann for nynorsken.

Han var også den fyrste presten som hadde omgang med vanlege folk og ikkje berre med "biksane", slik vanen var.

Dette førde til at språkradikalisme for ettertida blei synonymt med politisk radikalisme.

Storfolket i bygda inviterte Bjørnson til kjørkebakken ved Olberg i 1905 (1908)

Hovden kom under møtet, og trass i Bjørnsons harde ord gikk han fram for å helse på den store diktaren.

Men Bjørnson ville ikkje ta Hovden i handa, og dette opprørte småfolk i bygda.

(Se også Under Norefjell nr. 2 -1990)

Saman med det faktum at kryllingmålet ligg nynorsken svært nær, vart den politiske oppvakninga av arbeidarrørsla eit viktig moment også for den språkelege radikalismen i bygda.

Det er fleire kryllingar enn underskrivne som i vaksen alder har nytta nynorsk:

Eirik Humlegard, Anna Sorteberg Dalgard, Gunhild Bråten og Tormod Skagestad, for å nemne dei mest kjente.

I tjueåra, i samanheng med Østlandsk Reisning, vart det innført leseverk med svært radikal rettskriving.

Etter 1938 har også Krødsherad gjort vedtak om bruk av radikale former.

Men som kjent er slike vedtak i dag overkjørt av skolemyndigheter og forlag, slik at Krødsherad i 1993 brukar meir konservativt bokmål enn nokon gong etter 1920.

tilbake til 1994-2`s startside

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side 5