|
VIL KRYLLINGMÅLET DØ UT I NESTE GENERASJON? Av Hartvig Sætra. Hartvig Sætra er født i Sætra (u. Ringnes) av foreldrene Hartvig Johansen Sætra og hustru Gunhild Erlandsdtr. f. Snersrud.. Hartvig Sætra er lektor og bur i Storslett i Nordreisa. Han har laga ei oppgave i språkeleg tema til nordisk mellomfag, Universitetet i Tromsø, haustsemesteret 1993. Oppgava er tileigna heidersmannen og kulturberaren Ola Arnesen i Krødsherad. Han har vist oss at arbeidarkultur også er bygdekultur. Kryllingane er etter tradisjonen dei menneska som bur i Krødsherad. Men i dei siste åra har dette ordet fått ein annan nyanse: På grunn av den store innflyttinga i bygda dei siste åra frå Oslo- og Ringeriksområdet, krevst det av ein "ekta krilling" at han/ho også snakkar kryllingmålet. Slik er den vanlige definisjonen i dag. Dilemmaet ved ein slik definisjon er dette: Det blir stadig færre kryllingar, sjølv om folketalet i bygda veks, og kryllingane får stadig høgare gjennomsnittsalder og redusert status. Det kjem av at størsteparten av den unge generasjonen ikkje snakkar kryllingmålet. |
Og det er ikkje ei såkalla "naturleg utvikling av dialektane" vi er vitne til i Krødsherad. Det er snakk om eit totalt språkskifte, frå ei dialekt som ligg nær opp til målet i Hallingdal og Aust-Telemark, til eit tilnærma bokmål med visse innslag av Oslo austkantmål. Med andre ord blir målet i Krødsherad etter kvart vanskeleg å skilje frå dei auslandske bydialektene. Eit så dramatisk språkskifte finn vi knapt i nokon annan norsk kommune. Kva årsakene er, skal vi komme inn på i konklusjonane på denne oppgava.
Er dette ei utvikling som folket i bygda ønskjer? - Og ifall svaret er nei: Er det noko som kan gjøras før det er for seint? "Språkeleg miljøvern" er eit uttrykk som er skapt i samsvar med såkalla tidsriktig tankegang. I fall dette begrepet er fruktbart, ligg den konklusjonen snublande nær at det er ein snikande språkeleg miljøkatastrofe som er under utvikling i Krødsherad. Ut frå den økonomiske utviklinga og folkeforflyttinga dei seinaste åra-er ikkje dette så merkeleg. Det som må undre ein tilskodar utanfrå er at det har kunna skje nesten utan reaksjonar frå dei menneska som nå bør kjenne seg som ein utdøyande indianarstamme: Kryllingane. |
|
KRYLLINGMÅLET.
Litt om særdraga ved dialektane i Krødsherad, Sigdal og Flesberg. Vi kan med det samme moderere dei dystre spådommane i forige avsnitt ein del: Det er liten skilnad mellom Kryllingmålet og målet i Sigdal og Flesberg kommunar. Det ser ikkje ut til at utviklinga i desse bygdene er like dramatisk som i Krødsherad derfor vil noko av det såkalla "Tverrdalsmålet" leve vidare med meir moderate endringar i området lenger vest. "Tverrdalsmål" er eit uttrykk som eg hørte sporadisk i min barndom, bl.a. av min eigen bestefar, Erland Snersrud, Eg har aldri sett det brukt i skrift, men begrepet er uvanleg treffsikkert til å karakterisere dette dialektområdet. |
Det er eit merkeleg fenomen i dette området at mens dialektane "nedstraums" i Hallingdal og Numedal endrar seg frå bygd til bygd, så er talemålet meir likt på tvers av dalane, trass i at det til dels er høge fjell som skil. Noka fullgod forklaring på dette fenomenet har eg ikkje sett, men det er truleg to viktige poeng ein kan peike på: 1. Krødsherad var ein del av Sigdal kommune fram til ca 1910 (Krødsherad blei skilt ut som egen kommune i 1901 og som eget prestegjeld i 1960. Red. anm.) 2. Det har frå gammal tid vore viktige vegsamband til Sigdal på to låge fjellovergangar:
Mellom Sigdal og Flesberg har det i uminnelege tider gått veg over Lyngdal. Likevel er det eit paradoks at mellom øvre Breivik i Krødsherad og Ranten i Flå er det eit par kilometer veg, her går samtidig grensa mellom a-mål og i-mål, med alt det fører med seg, jfr. Venås (1977) Likeså går det ei grense mellom Finnerudskogen i Krødsherad (I Sigdal, Medrudskogen ligger i Krødsherad. Red. anm.) og Kløftefoss (Ramfoss) i Modum, der midlandsmål av austtelegruppa grensar mot dei sentrale austlandsmåla, som Modummålet er ein typisk representant for. |