1994-1-27

Han va så kåt og så sprek at 'n va vel den beste kar'n i bigda me 'n va ong.

Han vart aller kalla anna enn "Kåte-Reiar".

Han va oppi Eggedæl eingong, og hadde fått noko oppi hugu.

Da flaug 'n langs stugo på trea stokkefaret på tømmerveggen, og 'n datt ikkje ne hell.

De sku ein leaug kar te å klare det.

Eingong va 'n sjuk og hadde fått sei noko mellesin.

Men han hørte ikkje etter de dokter'n sa.

Han drakk opp alt me ein gong.

Han Reiar gjorde ikkje nokko tå 're.

Han vart fresk att.

Dokter'n hadde sagt de etterpå at de va nå ingen an'enn 'n "Kåte-Reiar" som kunne sti de, før de va førgift i mellesina.

Han flaug så nøggele fort på sjessur (skøyter).

Han hadde nokon lange, smale sjessur.

De va ingen som hadde så lange sjessur som han.

Han dreiv mikkji borti Krøsshera, han hadde noko arbi på gardane borti der.

Nå hadde Vassendrud'n slekke flinke traverar.

Eingong Vassendrud'n va på isen så va 'n "Kåte-Reiar der au.

Vassendrud'n hadde den raskaste hesten sin me sei.

Han Reiar hadde sjessune. Så lurte 'n Reiar på om døm sku kappflige, hesten te Vassendrud'n og 'n Reiar.

Vassendrud'n hadde bare moro tå 'n før detta.

Han va sikker på å ta 'n Reiar.

De va fin stålis over heile Krøder'n denna dagen.

Så la døm iveig da.

Men da vart nok Vassendrud'n og denna storfligar'n hass etter.

Han Reiar gjikk bare og leika sei.

Han gjikk langt framom 'n, og gjikk store svingar.

Best de va kom 'n Reiar fliganes beint på 'røm og hoppa tvers over sjekane møllom Vassendrud'n og gampen, mean døm kjørte de 'røm va kar om.

Men dettan gjikk hardt i Vassendrud'n.

De va de at 'n ikkje hadde nokon utveig me 'n Reiar.

Han "Kåte-Reiar" va både før sterk og fresk før Vassend-rud'n, ellså kunne 'n vel tikji og dengt 'n.

Vassendrud'n va stor og sprek han au, men ikkje som 'n Reiar, enda 'n Reiar va ikkje så fælt stor, men så godt vøksin.

Eingong tura (drakk brennevin) døm ihopes mange karar, der va 'n Reiar og denna Vassendrud'n.

Han Reiar somna borti ei seng der.

Da va Vassendrud'n etter ein staur, somme sier at de va ein jarnstaur.

Me detta hambø rauk 'n på 'n Reiar me 'n søv og slo åv armen hass på to stellur.


1994-1-28

Vassendrud'n måtte betale 'n Reiar 800 daler før detta.

Men da vart 'n Reiar storkar.

Han hadde ikkje hatt før mikkji tå pengar før, å da gjekk de rekti te hugu på 'n når 'n fekk så mikkji.

Han vart rekti storkar, han kjøfte sei tråverar og låg og flådde og kjørte storkar både i Krøsshera og Sigdæl.

Han tok og tulla ihopes papirdaler'n og tente på pipa me før å vise å pass kar han va.

Han gjorde ikkje et dags arbi heile denna tida.

To år etterpå va 'n like rein som før, han hadde ikkje ein daler att og dreiv som tenestegutt her og der.

Etter at 'n hadde vøri gift og hadde mista kjærringa, han va ein gammal mann da, ville 'n ikkje drive me noko arbi.

Han ville helst rusle å få fødd sei i gardane.

Han va så full tå gælningar (spøk) han Reiar.

Han kom te Ovestad eingong.

Detta va me de siste 'n Petter levde.

Da 'n Reiar fekk sjå 'n Petter så sa 'n de:

"Du har vøksi så au nå sea sist je såg dei!"

Han va så gjev før presten Welhaven.

Men så dø presten og følka hass sku fløtta frå prestegard'n.

Han Reiar kom dit nettopp føre døm fløtte.

Dåtter etter presten, ho Paula, sa de te 'n Reiar:

 "Ja, Reiar, nu skal vi flytte.

Nu blir det ikke mere å få hos oss.

" Han Reiar laga sei så te og bar sei ille:

"Å - å - å , snakk ikkje om de, gråten tar mei så altfør mikkji."

Johan Ernst Welhaven, f. 1818, var bror til dikteren Johan Sebastian Cammermeyer Welhaven.

Når han var i lag til det kunne han holde hele preknen på rim.

Welhaven var prest i Sigdal fra 1879 til han døde i 1883.

Welhaven hadde fire døtre, men ingen het Paula.

Je førte 'n far og rodde te doktern eingong.

Da vi kom dit va 'n Reiar der au.

Han hadde fått sei ei flaske me mellesin.

Heimattover vart 'n me uss i båten.

Han far va 'kje værre anna enn 'n skrangla og rodde.

Han Reiar satt baki og gjorde ingenting.

Mellesinflaska hadde 'n jamsis sei i båten.

Ressom (rett som) de va, tok 'n sei ein slurk tå 'o.

Da vi la innte land i Svarteber'vika, va flaska tom.

Vi spurte 'n åssen de smaka detta på flaska.

"Jau, de e godt, de e stærkt, og ikkje så vondt på smaken heller", sa 'n Reiar.

tilbake til 1994-1 startside

tilbake til Under Norefjell`s startside

til side 29