1994-1-1

DANSEN

Alle kunne danse da je va ong.

Vi dansa både polka, hambur, vals, skotsk, ril, masurka, halling og springdans.

Og føre mi ti dansa døm noko 'røm kalla "milevit" au, men den e så gammal at je bærre har hørd snakk om 'n.

De e sjølsagt at inkje alle va like gode te å danse.

Nokon både slampa og trampa, andre "dildra" før mikkji på sei, hell sleiva me beina.

Dessan "utmannsdansane" vi kalla, var aller så mjuke og fine som krillingdansane, hallingen og springdansen, og ikkje trur je døm vart dansa så fint på andre kantar som i dessa fire bigdane;

Flø, Sigdæl, Eggedæl og Krødsherad, der døm dansa 'røm temmeli likt.

Hallingane hadde ei anna jæl igjen, døm biksa meir på sei og brukar meire makta liksom, krillingane dansar heilt igjønnom mikkji lettar.

Nå hører je at ongdommen tek oppatt dei finaste dansane våre, je sku ønske at je va ong att, så kan de tru at je sku vøri me 'rekka".

Å nei, je sins ennå je ser dei gamle stordansarane kjem me følja sine;

døm rekti vøgga sei i tonane mens beina førde låtten i dansesteg som va a'passa slekk at jenta lett kunna følje me, høllanes jenta me høgre hånda.

Jenta kjem au fram - dansandes fint og lett, me ho hølli gutten me venstre hånda.

Gutten løftar så hendan døms opp og gjør ein sving på jenta frå venstre mot høgre, svingar så sei sjøl under armen hennas frå høgre mot venstre.

FRA UNGDOMSLAGSAVISA "BEINT - FRAM"

Heretter blir det ikke systematisk tatt med stoff fra ungdomslagsavisa.

Det kan hende at vi kommer over stoff som blir tatt med, men det blir da som enkeltartikler.


1994-1-2

Han svingar så jenta under armen sin ein gong te, men denna gongen frå høgre mot venstre, skiftar så hånd og legg høgre hånda i høgre sia på jenta, han dansar baklengs rundt så jenta blir dansans framover.

Alle bevegelsan ske følje ritmen i låtten, ein hører ikkje ein lid utom fela.

Tonane beherskar liksom heile rommet og danserane e lette som fjørir.

Så tar døm te å snu over hugu.

Like fint som før kjem jenta trillande fram etter gølve, sett heile foten taktfast, men lett, under sei, snur rundt som et hjul frå venstre mot høgre, stadig i takt me fela.

Jentune beherskar nå liksom heile gølve og feletonane stig og fell.

Jentune snur og snur og guttane føljer lydlaust me.

Slekk går de rundt gølve fleire gongar, så svingar gutten jenta inn mot sei, døm tar ihop og dansar rundt gølve, så gjør Døm ei vending og tar te å slengesnu.

Nå 're sku dansas bruredans vart de bruka gangar så lenge brura hadde krona på sei.

Så vart sølle tikji tå og brurefølka hølli fram me alminnelig springdans.

Ingen andre hell brudgommen dansa me brura før ho fekk tå sei sølle.

Den dansinga som je har prøvd å beskrive her kan je trøste dekka me at ingen kunne greie fiste kvell'n døm kom på gølve.

Men ve stadi trening blir ein mester seier ordspråket.

Je kjem og vil sjå på dekka sea.

Helsing frå ein olding.

STEIN-MERRA.

Da je va ein liten smågutt hadde je ofte høve te å sjå ei steinmerr, men nå e 'røm bærre historie.

De va 'kje lite bri me 'o, men så va 're au ei rugge som tok et lass.

Je ska 'kje bejinne å førtælja håss ho såg ut, før dei fleste hugsar 'o nok.

I alle fall, den siste som va i bruk her i kressen va den hos 'n Ola Lia.

Det va fast takst at 17. mai hadde 'n Ola merra si færdig me et veldig steinlass på, og nå flaggtoget kom dit, da stoppa det.

Så sang vi ein sang og ropte hurra.

Nå bejinte 'n Ola å pusle me merra.

Ho måtte lirkas laus så ikkje noko tå den digre steinhaugen på 'o trilla ne.

Så gjekk 'o og alle vi skuleongane sto og gafte og glante etter 'o og venta på den fæle smell'n når steimerra hoppa tå stokkane og slengte steinlasset ut i steinula ve fjordkanten.

Å, så som vi gvakk alle sammen!

Nettopp før de at vi sto og venta på skrellen.

Sjøl skulemester'n gvakk.

Men han Ola Lia gvakk inkje, han hadde sendt før mange hundre merrar iveig te de.

tilbake til 1994-1 startside

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side 3