|
Ho va'k,je rekti å støle på. I møllomti'a fikk ,je tak i fleire gamle »vestmannfelur», ei laga a Erik Helland og ei Ellef Jonsen Steintjønndalen f rå Bø.
Haukjem sa ofte: je skjønnar mei ikkje på dei, at du ikkje brukar dei gamle felune dine på kappleikar? I 1925 gjorde je ein tur te Telemark før å råke spellemennar. Je tok me bana te- Bø. På Gvarv steig Gunnulv Borgen på og je vart da me te Borgen. Je hadde »Steintjønndøla» me. Her vart de spelling så de hadde skjikk. Vi spella i samfelte 2 døgn og la oss ikkje før ve 4-tia om mårran. Og gamlefela tok sei opp, så gamle Gunnulv Staurheim sa: E trur- ho går- »Kjempa» ein høg gang. »Kjempa» var gjort a Erik Helland og hadde vori i Sandsdalens eige. Ho kom på »rangel» og ho vart fønni att i ei skrapbu i Oslo, der Halvor Borgen fekk tak i 'o. Halvor Borgen hadde ho te han dø', Deretter fekk Gunntilv Borgen ho og han brukar bare den. De e ei framifrå god og høgmælt fele. |
Vi vart au bedt te Staurheim, te Gunnulv. Vi satt i et kammers i bygningen og fela let godt i detta rommet. De va nok sant som gamlekarane sa, han Lars Fykerud lika så godt å spella i detta rommet. De va nok spellt mykkji her og »Steintjønndøla» lika sei au godt her. De gamle, rosemåla kubbestolane og de digre blanke tinnfata på veggane sette ein i den rette stemninga. Gunnulv Staurheim vart me te Borgen og je måtte spella mange gamle- kryllingslåttar før han. Han hadde vøri sammen me »gamle-Kleven» på Kongsber'marken og hørt han spella der.
Je fekk skrivi opp »Langåkeren» etter Gunnulv Borgen før je for heimatt. De e ein gammal kryllingslått som Luråsane hadde me sei frå Krødsherad te Tinn. Gunulv hadde 'n etter Knut Dahle som igjen hadde 'n etter Knutt Lurås. Je va aldeles utspellt da je for frå Borgen. Je hadde spellt i telefon' te Torkjell Haugerud og han ville endeli' at Gunulv og je sku komma te- han. Han ville enda'te henta oss me bil, men enda så gjenne je ville måtte ,je- si nei, .je- ørka ikkje og for om kvell'n te Kongsber'. Sommarn 1926 høldt Noregs Ungdomslag stemnet sitt på Hønefoss. De skulle samtidig vara kappleik. Norsk Spellemannslag va teslutta laget og halde årsmøtet sitt der. forts. |
|
Der vå 're ei heil hørj me spellemennar frå Telemark, Setesdælen, Hallingdæl og vestlendet, så de va ei hård tevling. Dommerar vå Torkjell I Haugerud, Arne Bjørndal og Henrik Gjellesvik. De- vå me bortimot -10 i alt. Je vælte dessa slåttane: »Fjollmannsjenta», gangar, »Raustakken», springar og »Førnesbronen», gangar. De va ein førferdelig heta i lokalet, men gamlefela gredde sei godt, så je vå vælnogd me spellinga. Fysste premie gjikk te Gunnulv Borgen, Lorentz Isop og mei. je va sjølsagt storgla' over utfallet og vå derme kommi opp i fysste rekke blandt våre mest kjente spellemenn Je tenkte nå at de sku vara slutt me å spella på kappleik, men i 1929 laga Landslaget te kappleik i Oslo, då de attåt sku vara styremøte i laget, og je vå styremedlem, kom je- te- å reise. Denna gongen hadde je me ei anna Steitjønndalsfele, laga a Knut EIlefsen 1 1891. Denna fela e høgåre i mået enn den andre je har og fyller kanskje bere. |
I Oslo vår møtt fram nesten alle som hådde et namn som spellemenn. Je meldte mel inn. De kunne vara moro a prøve dessa karane. Kappleiken vart hølli i Nordahl Bruns gate 21, i huset te Oslo Fylkeslag. De skulle fysst spellast før dommerane, solm denna gongen vå Herbrand Hagen, Torkjell Haugerud og Henrik Gjellesvik.
je vå heldi' me spellet ettersom je skjønte. Seinare på dagen be'jynte den ordinære kappleiken og nå hadde au publikum høve te å vara me. Salen va fullstappa då de tok te. Nå sku de spellast 4 nommer, deriblant ein vals. Je tok denna gongen »Ringjaren», gangar etter Knut Dahle, ein Gibø-springar, ein huldre slått frå Hallingdæl og ein huldrevals etter Steinår Gladheim. Både fela og je va i goldt lag og då premielista vart opplesi, vå je fysstemann på 1. premie. Døm andre va Lorentz, Hop, Gunnulv Borgen og Eivind Moe.forts. |