1989-2-19

I be'jynsla a 1880-åra og ein 8 - 9 år utover budde 're i Krødsherad ein gammal telemarking som for omkring og spella og dreiv me felearbe' attåt.

Han vart i alminnelighet kalla »Vestmann'».

Fleire a guttane i leirsplassen spella litt og han vart før de meste buanes der.

De va ingen ringare hell den namngjetne spellemann' Kolsrud'n som va her i dessa åra.

Ola Skogly førtælte at 'n fysst kom te far hass, Gunnar, som budde i Hauger.

Kolsrud'n kom dit og spurte om 'n Hadde felety?

Han åtte da ikkje fele sjøl.

Jau, han hadde 'ra de-, og så tok Kolsrud'n te å spella.

Han va nok go'- sa Skogly n - men je hadde ikkje større greie på 're den tia.-- legg 'n te.

Som sagt slo 'n sei te i bygda, han budde i Leirsplassen når 'n ikkje va på tur.

Han drog jenne ut øver bygdene me fela innpakka i ei gammal skjorte.

Han va innom gardane, spella litt, fekk mat og drog viare.

Alle kjente »Vestmann'» og ville gjenne høre 'n spella.

Følk hadde vel ikk,je rekti førstand på spellet hass.

Han va i si ti ein a de beste spellemennar i "Telemark.

Mens 'n va i Leirsplassen dreiv 'n me felearbe' og han laga mange felur.

Prisen va'kje stor, vanlig ein 10-15 kroner, og mange a felune hass va gode.

Utstyret va sa simpelt som de kunne vara.

Bretta va a tre, uten sjæbelegg, pinnane va au a simplaste slaget, men sjølve feleskråtten va vælbygd og hugu fint utskori.

Re'skapen han laga dessa felune me, va an a kleinaste slag.

De va ein kniv og noko a ein a'broti ljå, detta hadde 'n bogd og bruka som skav jern.

Har hadde fleire støorrelser på felune sine, men alle va smale og høge i trøsken.

Han va svart nøye me ve'n, serlig i løkket.

"Te bånn brukte 'n or, men i løkket rektig finvøksi gran.

I Dokka, høs 'n Knut, va 'n ofte og fekk rnaterialer, førtælte 'n Gunnar Dokka.

Han kom smettanes så stilt og rolig inn gjennom dora, takka og velsigna når 'n fekk noko, mat eller anna.

Men fekk 'n noko i hugu va 'n ikkje så smålåten.

Han va eingong i Rund, høs 'n Gul, døm før me litt brennvin og Kolsrud'n var full.

Da ville 'n både dragast og sloss. »Her e Kølleguten!» sa 'n.


1989-2-20

Han hadde nok ikkje vøri te å spøke me i ungdommen vart de sagt, han hadde merker etter knivrisp fleire stellur.

Han vart visst skrubbejaga frå Telemarksbygdene, men nå va 'n gammal. De kunne vel låge opp-att når 'n vart full.

Kolsrud'n gjorde ej mengd me felur, men da døm va så billige, vart døm ikkje akta noko.

De finns att nokon få her i Krødsherad. Farbror min, 'n Guttorm Sandum, søm i de seinaste åra budde på Orpen, hadde ei Kolsrud-fele som va god.

A.C. Kleven laga ny hæsi på 'o.

Kolsrud'n gjorde støtt så stutt hæsj at de nesten ikkje vart rom te handa.

Wilhelm Sorteberg lika svært godt denna fela.

Når han va på sida vår (av Kroderen) måtte 'n jamt ha tak i denna fela.

Da 'n farbror dø, kjøpte je denna fela a enka, så nå e 'o i mi ejge.

Ho e noko lang i skrotten og høg-bygd, men ho let godt, og målet e syngande, me mørk sordinert bas.

Gartner Hans Dynge, f. 1 867 på Ringerike hadde ei Kolsrudfele.

Ho va lita me svært kørt hæsj, høg i trøsken og smal i skrotten. je huksar såvidt Kolsrud'n.

Far, som va så glad i fela, ba bestandig Kolsrud'n inn når 'n va i Orpengrenda.

Far og mor kom eingong frå Gårandplassen.

Da døm kom heimover hørte 'røm så underlig fint et læte, de va gamle Kolsrud'n som satt og spella. Skauen og fuglane va tilhørerar.

'N far fekk 'n me heim.

Han fekk mat, og så måtte 'n opp me fela.

I Leirsplassen va 're ei jente: som va lite begava.

Ho vart fruktsommelig, de va gamle Kols-rud'n som va barnefaren.

Han vart da borte frå bygda.

Sea for han over bygdene ovom Drammen.

Han rusla frå gard te gard innte døden ein dag førbanna sei over 'n.

Han dø på Modøm, og fekk ei fattigmans-grav der.

Føruten de gamle felune og de etter Kleven, har je tre Røstad felur.

Den fysste gjorde Røstad te mei, de e ei »bastard»-fele.

Dokter Thoresen fekk istand et salong-orkester i Krødsherad

Før ikkje a skjemme mei ut me den »lang-hæsja» flatfeta, fekk je Røstad te å laga ei sterk hardingfele te mei, søm de kunna brukas grøvre strengar te.

Han gjorde et goldt arbe'.

Ho e fin, både som hardingfele og te orkesterbruk.

Da Klev-fela slo sei så vrang ve kappleiken i 1914, va je inbom Røstad og kjøpte mei ei ny fele, som 'n akkurat hadde laga.

tilbake til 1989-2`s startside.

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side 21