1989-2-13

Han Helge Reistad i trå Sigdæl førtælte at da han va ein hallvokstring kom 'n Ellef Jonsen Stieintjønndalen te Sigdæl me felur og sku selja.

To a dessa vart selt i Krødsherad, Anders Vinna hadde ei og 'n Torstein Råen ei.

I hegge to står årstalet 1864.

Prisen va ein 4-5 dalar stykk.

 Ellef Jonsen va innom Reistad og far te 'n Helge tinga da ei fele tå 'n.

Han fekk den i 1865 og hadde 'o te i 1923, da je bytta 'o tå 'n.

Je fekk ho reparert a Røstad i Oslo og de va den je bruka på kappleiken på Hønefoss i 1926.

Stenitjønndalfelune har et reint, fint mål og ikkje så høgmælt som feluna te bror hass. 'n Erik Ildland.

Men arbe' står fullt på høgde me Erik sine kjente felur.

Fela etter 'n Anders Vinna vart je au ve', men je selte 'o te politibetjent Folkestad i Porsgrunn, som igjen a'henda ho te ein søll'smed Berulvsen der.

Ho va akkurat lik »Reistadfela», begge e lyse i Ieten, me skællagte bruer og uten belegg omkring kantane.

Fela som 'n Torstein Råen åtte, har dåttera hass, 'o Tora, i sitt eige.

Ho vart gjift me ein lærar Halien frå Valdres.

Han e dø, men enka lever etter han og bur i Kolbu, og ho har fela.

De va ei svært god fele.

Da de va gått gæli me »Støfela», fekk 'n far fatt i ei lita fin fele, laga a Jon Eriksen HelIand frå Bø De va ei tå dessa små smale felune som va almin'lige i den tia.

Spellemann Ola Kleven hadde ått 'o. Han selte 'o te ein frå Trommald i Flo.

Kleven spella i brøllopet hass og bruka veslefela.

 Han hadde ikkje levert 'o frå sei enda.

De va ei avtale mollom Kleven og brudgommen at Kleven sku overrekke 'n fela som gave i detta brøllopet. Kleven holt ei tale og ga fela te brudgommen.

Far te Brudgommen sa: » Herren hjølpe mei, detta e før stor ei gave».

Fela va 'kje betalt og da brudgommen dø like etter, kom heile greia opp.

De va kleint me Kleven, og han hadde vel ikkje rå' te å gi frå seg feleverdet, så han kom me krav på 'o.

De va på denna vesle fela je lærte døm fysste slåttane.


1989-2-14

Da Torkjell Haugerud i 90-åra for omkring og hølt konsertar, kom han der heim. je va'kje te'stes, men 'n far førtælte fela og kytt a 'o.

Han ville tes'mers kjøpe 'o.

Je hadde denna fela like te 1898.

'N far hadde ikkje noko førstand på felur og bytta 'o bort i ei ny skarvefele som va laga a ein bygdemann.

Ja, han ga ei børse og enda ti kroner i bytte.

Da je vart vaksen og fekk førstand på felur, prøvde je å finne ut hå de va blitt a vesle Hellandfela.

Ho hadde gått i handel te A.C. Kleven i Oslo hadde fått tak i 'o.

Han hadde selt ho te ein mann som va reist te Australia.

Døm e vi'farne felune au.

Da je va på min fysste tur i Telemark i 1912 og va hos Folkestad i Porsgrunn, spurte han øm je hadde noko kjennskap te kryllingspellemann Hans Hagen.

Folkestad hadde vøri sammen me han på ein Kongsbergmarken.

Hans hadde da ei fele som va laga a Erik Jonsen Helland i 1861.

Erik Helland og Folkestad hadde vøri i lag der og Erik hadde da sagt at det va ei tå dei beste felune han hadde laga.

Folkestad hadde vilja kjøpe fela tå 'n Hans, men han ville ikkje selja 'o.

Folkestad ville gjenne hatt denna fela og ba mei prøve å finne 'o og han beskreiv ho nøye.

Je skreiv te sønn te Hans Hagen, Kristen, som budde i Kleven på Snarom.

Han hugsa at far pass hadde ått ei slekk fele, men visste ikkje hå de va blitt tå 'o.

Fela va og blei borte.

Nokon år etter snakka je me 'n Ola Svartebråtån om den gamle spellemann' Ole Ellevsen Rishovd i Krødsherad og spurte om åssen fele han hadde hatt.

Ola trudde at de va ei Erik Helland - fele.

Han hadde gitt 'o te dåttersonn sin, Arne Grosland frå øvre Eiker.

Eingong de høvde sei så, drog je innom Grosland. je kjente far hass, han hadde liggi hos uss på tømmerkjørinig før mange år sea.

Jau, der hang fela på veggen, men 'n Arne ville ikkje selja ho, da 'n hadde fått 'o tå bestefar sin.

De va ikkje noko å gjora me de, men je fekk lovnad på fela hvis 'o nokon gong sku seljast.

Et år etterpå kom 'n Emil Grosland og sku te svigerfar sin han gamle Ola Rishovd, som da va 85 år gammal. je vart me 'n te Rishovd og hadde fela me.

tilbake til 1989-2`s startside.

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side 15