|
Je får si som »Vesle-Frikk» i eventyret: Je har støtt vøri gla i å høre felelåt. Noko a de fysste je huksar va fela og spellemann'. Han gamle Anders Vinna va jamnt heime. Han far hadde ei fele ligganes, men hadde sjøl aller kommi sei te å spella, enda felemusikk va de jevaste han visste. Deffer måtte fela fram når de kom ein spellemann te gards. Je huksar så godt 'n Anders Vinna me fela ligganes innåt øyre og knea høgt løfta, trampanes takta, og dei fine tonane trøllbant mei for bestandi. Han Johan Kleven, sønn te mesterspellemann' dreiv omkring på gardan' som skomaker. De va ei høgti for mei når je såg 'n kom te gards, beranes på skreppa og lesteknippa. Før de fysste va 're moro å få vara me å legge tor skreppa alt de rare ver`tøye, så når le sku reias, smørjas og sværtas va je trufast me og glante på. Han hadde så godt lag me ongar, han Johan, og på ver'ste va je å finne frå mårå'n te kvell'n, og de va nok ofte je somna me lappehammar'n i handa. Men moroast a alt, de va når 'n i kvilestundine tok fram fela og spella. Etter alle matmål måtte fela fram, men aller mest moro va 're i »skreddartimen», i mørkninga, før lampa vart tent. Je veit ikkje håss de e, men den dag i dag syns je fela let best i tussmørke. Je huksar je sto jamsies 'n og såg åssen fingane prilla på brettet. Stor stas va 're når je fekk bruke bågån me han prilla. Je drog bågån att og fram og va svær te kar som fekk de te å låte. Og 'n Johan kjytte tå mei og sa at je sikkert vart spellemann. |
Garden til Truls Ørpen, nordre Ørpen i Krødsherad. |
|
Den fysste fela je hadde, gjorde tenestegutten, Kittil Trangen, te mei.
Je saga att og fram så de dura. No viare fin musikk va 're truli ikkje. Ein dag je va sammen me 'n far ute på jordet kom ein fremmenkar gåandes førbi. De va Ola oppigarden Nore. Han og 'n far va godt kjente og han vart bedt me inn. Je måtte da fram me fela mi og spella før 'n. Han kjytte svært og ga mei ei blank krone. De va mine fysste spellemannspengar. Far hadde ei gammal fele ligganes, døm kall 'o »Støfela» etter gamle Erik Støa, som hadde ått ho før. Ho va a de gamle slaget, lita og svært høg i trøsken og nesten svart på let. Ho va laga a ein Bratterud i Numedal. Etter si ti sku 're ha vøri ei god fele. Nå hadde ho gått i handel, han far hadde visst gitt ti kroner før 'o. Da denna fela vart sundsli, fekk 'n far fatt i ei lita fele som va laga a Jon Eriksen Helland frå Bø i Telemark. Hugu va røki sund, men Anders Katrineplass frå Redalsskaugen gjorde ny hæsj (hals) på ho. Denna fela va 're je lærte min fysste slått på. |
Ola Vårum frå østre Slidre i Valdres va lærer i kretsen og budde heime hos uiss. Han hadde flatfele og dreiv å skulle spella. Han hadde store, gikt-brøtine fingrar og elles ikkje anlegg før felespell, så låta vart deretter. Han va svær te å hølle på og gniksa tidt og ofte. Han kunne litt a Sørensens reilender og dreiv svært me den. Vi hadde ein tenestegutt som hette Halvor Jensen. Han hadde au hau på fela. Når Vårum begynte me flatfeta si, tok vi fran den vesle Hellandfela og begynte å ta etter. De va bare nokon dagar om å gjøra, så va vi begge mykkji bere ell lærer'n.
Anders Vinna og Johan Kleven va jamnt heime og spella. Slåttane døms surra i hugu mitt og de va 'kje lenge før je fekk døm te på fela. Dessa to spellemennane var døm fysste læremestrane mine. De va oftast 'n Johan Kleven som streva me mei og lærte mei slåttar. Deffer va de Klevenspellet som je fysst fekk tak i, de va grett og meir beinfram. forts. |