|
Me all sin kromatikk og vestlandssveip va 're fremment før han, men da 'n vart vant me 're, kom 'n te å like de godt. De e jamt sånn, at de finaste grip dei ikkje me ein gong, de må få ti te å feste sei. De kunna hende at når je kom me ein ny Mosafinnslått te Sorteberg'n reint mislika 'n den.
Sist du va her spella 'ru ein slått som de va noko slekt som detta i ---. Og så tralla 'n ein stubb a den slåtten som 'n før mislika. Da hadde 'n kømmi etter. I 1913 va je før fysste gong i Telemark. je hadde i lengre ti hatt hau på å komma dit, men de vart ikkje noko før da. je resste om Drammen te Skien, der je va hos søskenbånet mitt, meieristyrar Tor Bråten. Derifrå resste je me båten opp Nordsjø te Årnes og videre me bil te Bø.
Han hadde vøri styrar a meieriet der og hadde vøri mykkji sammen me Gunulv Borgen og Kristine og Einar Lund. |
Kleppen, der je hadde legd mel rom. Omi kvell'n va je på Bø kjørrgard og såg på støtta te Lars Fykerud. tili' om mårån drog je te Lund att. Gamle Lund og Einar sto akkurat og skjefta ljåane sine og sku te å slå. Da 'røm hørte at je va ein »austmann» som jenne ville høre nokon slåttar, vart ljåane hengt bort og je vart bedt me inn. Einar spella mange fine slåttar, men da je ikkje vilde hefte 'røm bort frå ar'be, sa je farvell og gjikk tebars te Kleppen.
De va ein varm sommarsdag og sola stekte. je låg og drog mei under ei stor bjørk utaføre huset og tia vart lang. Ve 11 tia kom Gunulv Borgen, han vart da me inn, så je fekk høre han au. Men je fekk ikkje lært nokon slått, og alt samma dagen reste je te'bars te Skien. De vart ikkje noen storfangst den fysste gongen je va i Telemark, men je fekk da høre spell. Et par dagar etter at je va kømmi tebars te Skien, hølt Telefylkets ungdomslag stemne på Ulhaugen i Gjerpen. De va au kappleik på stemne og je hadde hau te å vara me. De va vel i tidligaste laget å gje sei i kast me storspellerar, men eingong måtte: vara den fysste. Je huksar ikkje alle som va me, bare noen: |
|
Dommer va, blant andre Gregar Nordbø frå Bø. De va ei mengd som hørte på, og je va 'kje så lite nervøs da je sku fram. De e så rart me're når ein ska frampå fysste gongen. De sku spellast 3 slåttar.
Den fysste slåtten klang visst ikkje viare godt. Klev-fela, som je da bruka, va heller ikkje heilt pålitelig i så store og varme rom. Heller ikkje kryllingspringaren gjikk rart, men siste slåtten, Sorteberg-gangaren gredde je bra og fekk godt bifald. Men dommerane fant mei for lett, je fekk gå uten premie. Ein har godt a å få sei ein dukkert iblant, de får ein te å henge i og arbe' viare. Den som spella best på denna kappleiken va den unge setesdølen Dreng Ose, og han vart da au bestemann, begge gangarane han spella va gode, men me springaren gjikk de kleint. |
Førresten, setesdølane kan ikkje spella springar, døm e'kj vant me're. Døm dansar berre gangar der, deffer blir døm svært hjølpeslause på springar. De vart ikkje utdelt 1. premie, Dreng Ose fekk 2. premie og Kjetil Flatin 3. De va forresten fleire som undra sei over at je ikkje rakk opp i premierekka, deriblant Torkjel Haugerud, som va te'stes ve kappleiken. Dagen etter sku je reise heimatt, men ti'li om morran ringte Torkjell Haugerud opp frå Porsgrunn. Han va hos politibetjent Folkestad, han ba mei komma innom. Han va blitt så gla i Sorteberggangaren og ville få lære den. Haugerud og Folkestad møtte mei på stasjo'n, vi vart hos Folkestad mest heile dagen og nå fekk je høre Haugerud for fysste gong. je hadde hørt mykkji gjeti 'n og venta mei no veldi', no reint overnaturlig. je va vant me Sortebergens kraftige spell og nå fekk je høre meir et puslespell, syns je. Men te meir je lydde, te meir greip de mei. De har sei så me Haugeruden, at du blir meir og meir gla' i spellet hass, te meir du lærer de å kjenne. De grov sei inn i mei før ikkje rneir å slettast ut. Han vart mitt ideal. |