|
Je syns je ser n' komma sabbande me fela i handa. Je slutta slåtten brått, Mosafinn gjikk sta og sette sei og sa: »De e da besta e har haurt nokon spela den slåtten.» Og så vart de slått i slått, vi spella 'røm sammen og de let som ei fele. Bjørndal hadde gjort et godt arbe, Mosafinn gret, han trudde de aldri hadde gått an å få festa slåttane sine så godt på papiret. De gjorde vel au sitt te at je gredde de så godt, at je hadde studera spellet hass gjennom innspellte plater. Men Bjørndal e mykkji takk verd, som redda alle de gode slåttane hass frå å bli glømt, no som au Mosafinn va svært gla før. Den fysste slåtten Mosafinn spella før mei, va ein vosserull. Je ska si je brukte både øyrer og auger og slåtten åt sei inn i mei, så je huksa 'n da je kom heim att og skreiv 'n ne etter minnet. Te å beynne me va Mosafinn litt stiv i armen. Han hølt fela før bringa, men fekk ho liksom ikkje te å ligge støtt. Han famla me 'o hit og dit, men etterhvert fant 'o sitt rette leigje og han spela sei opp. |
De va et sermerkt spell som je aller har hørt maken te, hverken før eller sea. Mesterlig va 're, og reint og mjukt, trillene kom så lett og fint, uten å bryte melodilina.
Mosafinns spell va reint og fint og vitna om høg kultur og gammal tradisjon. Innimøllom slåttane fekk vi historier om slåttar og spellemenn. Mosafinn va ein mester te å førtælja. je glømmer ikkje at 'n fortælte om da 'n Halvor Haugan frå Telemark va hos 'n, je må førtælja den historia: Jau, han Halvor kom te meg ein dag og sa: Eg vil læra og spela hjå deg. ( Mosafinn herma etter hans noko brekande mål. Mosafinn dreiv med læregutar. Han tok 80 øre før hver slått han lærte bort. ) - Å, eg kan no ikkje stort, sa eg, men så bar de te me speling. Han Halvor dundra og spela, men han hadde så tungt før å læra, så han vart alder ferdig me slåtten. Me flukta frå stova og ut i haugane og satt der og gnog, men han Halvor fekk ikkje tak i slåtten. Eg vart te'slutt lei heile traven og prøva og bli kvitt han. |
|
Eg sa: Eg skulde nødvendig ein tur opp te Hamlag-rønvatnet og fiska.
Han blei me og vilde berre spela dagen lang. Eg vil ta meg ein tur ut på Hamlagrøn og fiske, sa eg. Eg vil vera me eg og, sa .'n Halvor.
Då me kom ut på vatnet sa 'n Halvor: Du veit ikkje om ei kone som kunna vaska skjorta mi? Halvor Haugan va reint gjerrug av seg, han åt både rått og røti og tok inn på dei verste stellune, så det var ikkje under at lusa åt han. Eg va like glad med traven, eg og sa: Me kan leggja burtåt landet, så kan dit stiga tor og plukka av dei fleste. Me så gjorde. Halvor vrengde av seg skjorta og satt og plukka, det var visst mange der. Eg satt og slengde med stonga og han Halvor plukka og plukka. Me reiste på stølen, men kvitt han Halvor vart eg ikkje, han vilde berre spela. Då sa eg: Eg skulde nødvendig på Vangje ein tur. Eg vil vera med eg og, sa 'n Halvor. Då me kom på Vangje sa eg: Ska me byta eit krus øl? Eg vil ha noko mat eg, sa 'n Halvor og so opna han felehuset sitt og tok fram eit halvrote egg og førde i seg.
Eg sa: Kan du låna meg ei krona, eg skal eit snarerend på Vossastranda? Eg fekk det og for, men eg drog ikkje dit, eg for rundt Vangsvatnet og heim etter austsida. Og han Halvor venta og venta. Då skjøna han samanhengen og vart ill. Han trega nok på krona si, sa Mosafinn. |
Sjuk va 'n og måtte kvile ei stund, inert vi måtte lova og komma att. Vi gjikk da bort te Lilands hotell og fekk oss noko i livet Etterpå bar de bort te Mosafinn att, og vi va hoss han te seine kvelden. Han va reint i go'lag og vi fekk høre mange a de beste slåttane hass. Han spella ein svært fin seterslått, noko han hadde laga sjøl, den gjikk i grava me han.
Eg vil skriva til deg!
Kort ti etter vart han før alvor sjuk, nå gjikk de fort ne'over me han. Han do i desember samma året. Je va ute i siste lita, og je e svært gla før denna turen, den e ett a mine lysaste minner frå reisene mine te vidgjetne spellemenn. Je vil tru at de ikkje e før mykji sagt når han e blitt kalla »Vestlandets Myllargut». I mange måtar sto Mosafinn kansje høgare hell Myllarguten når de gjalt skirt og reint spell,. men han åtte kansje ikkje Myllarn's dikterevne. Mosafinnspellet e vanskelig å etterligne, deffer e're så få som verkelig kan spella Mosafinn.
De ska stor tame både me fingrar og båga te å greie de, og fint øyre attåt. |