|
Tia vart opptatt me lekselesing og skulearbe'. De hente at je måtte spella på festar på seminaret. Styrar'n, dr. Fasting, syns de va moro i fela, elles va 're vel ingen søm hadde stort forstand på de nasjonale felespellet, hverken blandt elevar ell lærerer. Je vart færdig me lærerskul'n sommarn 1901, han far dø øm våren samma året, så de vart ei tong ti sommarn utøver. I november samma året vart je tesett som lærer i Enderud og Berkkeskaugen skulekretsar. Skulen skifte på, Bergensbanen va 'kje bygd den gongen, så de va å lakke den tre - fire timars lange veigen over åsen. I Brekkehygda va 're fleire ungdommar som for og spella litt. Je vart nå reint søm ein konge blant døm, og de vart ikkje så lite spelling da je va der, men noko å lære va 're ikkje. Je dreiv me mine Klevslåttar og folk der i Brekkebygda holdt mei reint før ein storspellemann, før blant de blinde e den einøgde konge. Je budde hos 'n Erik Finnevolden og i døm lange vinterkveldar kom karar frå heile grenda dit før å få mei te å spella. Anders Bekken hette ein gutt på min alder. Bekken ligg på grensa møllom Krødsherad og Soknedalen, og hører den siste te. |
De va ein hendig kar og han dreiv me felearbe. Han va ein åtte dagars tid på å laga ei fele. Rett som de va kom 'n te Finnevolden før å vise fram ei ny fele. Uvøren som 'n va løfte 'n me snaue felune i ein rypesekk ne'over dei bratte Brekkebakkane, han låg mykkji der og høgg tømmer om vintrane. Når Je meinte de va uvørent gjort, svara han longt: De e'kje så falt, de e svint å gjøra ei att. Dokter Thoresen, som va i Krødsherad den tia, va ein svært ivrig og dyktig musiker.
Han va reint ein kunstnar på cello.
Han fekk laga te et orkester på 13 mann. Je vart me på 1. fela og fekk på den måten god øving i notespell. Ein ting e å kunna notar, ein a'en ting e å vara flink te å lesa og spella etter notar. Je har hatt stor nytte tå detta, før elles vadde 're vel ikkje vorti noko a detta me oppskriving a slåttar og tonar. Dikterpresten Anders Hovden kom som residerandes kappellan te Krødsherad så omkring 1905. Han va svært gla i hardingfela. A han fekk je låne noen heftur a Bjørndals »Norske slåtter», som da nettopp va utkømmi. Bjørndal hadde vøri hos Hovden og lagt att noen a slåtteheftene sine. |
|
Her sto »Sevlein», »Sandsdalen», »Bøheringen» og fleire slåttar etter Mosafinn. De gjikk litt trått i fysstninga, men ettersom je arbette me 're gjikk de be're. Bjørndal har ein egen grei måte å skrive opp på, som gjør at du finn fram de orginale og ekte ve slåtten. Nå sto je ikkje fast før slåttar. Bjørndal sente ut fleire heftur, så nå fekk je stilt »slåttehunger'n» min. Telemarksspellemannen Halvor Bråten fri Hjuksebø for på den tia herover bygene og holt konsertar, han hadde dåtter si me, ho va au flink te å spella. Han hadde vori mykkji ilag me Lars Fykerud og spella mange slåttar etter han. De va fysste gongen je hørte detta spellet, og de greip mei sterkt. Je fekk tak i ein «patefon» frå William Johnsen og plater som Haldor Meland hadde spella inn. Meland hadde vøri hos 'n Torkjel Haugerud og fått lære fleire a de beste slåttane hass, de va slekke som »Ligangaren», »Siklebekken», »Myllargutens minne», »Huldrejentas lokketonar» o.fl. Detta ga næring te spelleløsta, som nå va brennandes. |
Sea fekk je innspelling a Mossafinn, Helgeland, Halvor og Gunnulv Borgen. De var ei rik ti før mei, je fekk høre nye slåttar og nytt spell og saug inn alt je kunna få tak i. Je hadde hatt ei skarvefele, men i 1908 fekk je ei ny ei frå felemaker A.C. Kleven i Kristiania, og nå vart de dobbelt så moro å spella.
Samma dagen va 're kappleik i Møllergata 21. Je drog like frå kjørka og på kappleiken. Je visste at Sorteberg'n og 'n Harald Snersrud frå Krødsherad skulle vara me. Salen va fullsett og på fremste benken såg je Løvland, Liestøl og Gunnar Tveiten. Blant deltakerane va Aslak Lundtveit frå Lunde, Kjetil Flatin og Eiliv Smedal frå Telemark og Akshovd frå Valdres, de va au me fleire frå Valdres og så Nordgard frå Setesdal. Martin Kleven, ein brorsønn tå A.C. Kleven va au me. dommer va kapellmester Johan Halvorsen, komponist C:atarinus Elling og Gregar Nordbø frå Bø. |