|
Trillesetra omkr. 1916 (?). Ellers hadde ho med seg saltpåsa, kniv og viu (pisk). Døm gjette sammen me ho Live. Døm høldt leven, skråla og skreik heile dagen før å hølde bjønn unna. Døm såg enda merker etter den, de va breie labbar. I blåbærtida hadde han rispa av store fløytar, både bær og lauv. Han hadde au eti maur, da va de store høl neover i maurtuvune, og tørv og føsk hadde han kasta langt utover. På fleire steller der døm gjette va de tjennskulpar der de va et slags gras rundt som krøttera likte godt. Ei a kvigene gikk før langt utpå og søkk ned. Døm såg ikkje att i anna enn hønna teslutt. Ho strei og byksa opp og ned før å få luft. |
Gjertrud flaug rundt tjennkulpen og skreik og ropte alt ho kunne etter hjølp. Ho gamle Live hørte detta og kom, ho måtte hølle ho Gjertrud mens ho fekk sagt att dette kunne ikkje døm to få gjort noko me, kviga måtte bare vara der om ho ikkje kom opp tå seg sjøl. Etter ei lang tid klarte kviga å komma seg oppatt tor myrholet, men da va ho utkjasa, sølete og fæl å se te, og ho la seg ende ne. Døm måtte gå ifra ho der, men ho kom etter te setra sein på kvelden. Ein lørdag kom han gamle Ola og ein ta brørane hennas Gjertrud opp på setra. Ho Svanaug hadde sendt me døm nyvaska kler. Døm ville vaske seg godt og skifte på seg reine kler før døm la seg om kvelden. Døm hadde lagt på godt me tyrived i peisen, så det lyste over heile bua. Da døm va ferdig te å legge seg, hørte døm at de va noko under gølvet. Guttane vart redde og kom borti senga te ho Gjertrud. Ho sa at ho trudde de va mus i mjølkekåvån. Men så vart de meir leven, og at detta som va under gølvet liksom rista på hugu og strauk etter gølvborda. Ho tenkte me ein gong at de va bjønn, men så ropte ho «kreongan», og da svara de «me-e-e-e». De va tre geitonger som ikkje hadde kømmi inn om kvelden. Seterhuset va bygd i ein bakke slekk at sau og gjeit kunna komma inn under gølvet. Døm åt bær au, eingong i møltetia føråt ho Gjertrud seg på møltur. Da fekk ho «møltestingen», Ho fekk så vondt i magan. Ho fant ei lita slette der ho la seg. Ho gamle Live vart så redd, ho og han Erik fant te kvist og kvas og fekk gjort opp ein varme, døm va redd før at ho kunne bli ørmestikki når ho låg der, varmen hølle ørmen unna. Ho låg på samma flekken i fleire timar, men vart så bra at ho kom seg te setra om kvelden. |
|
Hver lørdag kom mora, ho Svanaug opp på setra og bresta den sure mjølka, koka prim og ysta. Nokon av de andre kjerringane kom ofte au, døm tok me seg mjølk og rømme heim. Når døm venta mor si på setra om lørdagane, hadde døm dyra me seg opp på de høgaste nutane, der hølt døm seg og huga. Når mor døm svara, måtte ho Gjertrud gråte, de va så godt når ho mor kom, og huge de kunne ho, døm hørte ho på lang lei. Elles va de vasking. Når døm kom heimom kvelden, va de å gøra opp varme på peisen, bæra inn vatn og ha oppi ei stor jerngryte, fylle den opp me bresk og koke opp. Så tok ho ned mjølkebalene, tok av rømmen me ei skjei og hadde i rømmebala, slo mjølka oppi ein større kagge der det blei surmjølk. Så måtte ho vaske de tomme balene og slå kokandes breskeiåg i balene. Når detta hadde stått ei stund blei lågen sli¨ut og balene skrubba me tugua, tørka og gvælva på ein benk. Som det lei utover sommarn, vart de mindre mjølk i kuine, de «tørka opp», som de sa, og mindre arbe me mjølka. Men ettersom unåen vart lei, blei de meir pass me kuine. Da sto døm opp ve fem-tia om mårån, slepte ut dyra, og gjette utover te veni-ti-tida. Da hadde døm kuine heim att, mjølka og stelte, og så sto dyra inne utover dagen før å høldas unne klegg og fluer. Samtidig matstelte døm seg, og døm sov au noko utover dag. |
Svanaug Enderud i buskjolsdøra Ve tre-tida sto døm opp og hadde utatt kuine og da va døm ute og gjette te langt på kvell. Dette va fyste sommarn ho Gjertrud lå på setra, og de va tongt arbe og stort ansvar før ei ni år gammal jentonge. Neste sommar vart de lettare, ho va et år eldre, og ho va kjent me seterstellet. Ho hadde me seg bror sin, han Knut, den sommarn. Om høsten det året reste døm neatt frå setra nokon dagar tidligare hell døm brukte.forts.. |