|
Da'n Ivar kom oppme' fossen, så møtte han vatnen han, så vinka han te' meg, og je' te' 'n Kal og 'n Kal smatt ne'i lunnen. Og så vart 'n Kal borte han, de' tok så lang ti' før 'n kom oppatt. Vatnet kom og det knaka og braka i denna haugen, vi lurte å de' blei tå'n. Te' sjuende og sist så kom 'n nå oppatt da, og da va're bare såvidt 'n kom seg iland. Så sto vi unner ei buske der da, te' detta small. Denna fæle dynamittladningen va' go' før å lette så mykji på lunnen at vatnet fekk tak unneran lunnen, og da reste'n. Han Kal hadde gjort fer'i lunta si før han, og så hadde 're spruta vann på 'o, så han måtte kappe lunta før 'n fekk tent, deffer vart 'n så lenge før 'n korn oppatt. Så sa'n det han Ingvar Kaugeru', at detta måtte'n ha femti kroner ekstra før. 'Ja, åkken ska betala de'ra?' svara 'n Kal. De' va' ei fæl stri detta, de' fans ikkje husvære vesti her, vi låg ute ve' ein varme om nettane. Eingong vart 'n Olaf Thales glømt att utpå et skjær vi hadde overnatta på i Skoddøl, da fant 'n Olaf seg to stokkar som 'n reste på. Han Olaf reste endimøllom på Skoddøl han på bare ein stokk. Han høggi øksa si midt unner, så hadde 'n kjøl. De' va' ei kunst å få detta me'vatnet rekti, i Hasli måtte vi trekke dammen ei stund tyst, før vi stakk på tømmer, men så va' Hasli så lite, at vi måtte bruke Skoddol-dammen før å hølte vatnet i Hasli ve'like, så 'røm måtte au kunja 're dessa som sto før brøtningen. Åsså va're best me' sommarhøggi tømmer, de' va' tørt så det flaut høgt, men va're vinterhøgg, blei're mykji bått-tommer. Veltune va' runt Grunntjenn, og der va're så flatt, og straks etterat tømmeret va' merka, måtte 'røm setta dammen, så sto vatnet innover i veltune, og så vart de' ikkje tørt. Vi måtte knu på nesten både nått og dag, för vi måtte vara nere ve' Solevatnet, for brøtningen kom dit ovante Eggedæl, fjordkarane venta ikkje på oss ovante Grønhovdselva. |
Tømmervase i Eggedøla. Kvennaberget eller Kaugerudfossen? Vi har ikke noe bilde av en tømmervasa fra Grønhovd- eller Nerdalselva, men som eksempel tar vi med dette fra Eggedøla. |
|
Skredsvig va' snill kar. Han ga' på å ønna møllestykkji ne' på her. Han kom innom hos uss da'n sku heimat åsså fekk'n mat da ser'u. Han va' stadi' innom te' uss ser'u. Han kjøpte et stabbur i Skåla. Han far va' me' å kjørte opp det han. De' va' ein sju åtte gampar, de'va' et safti' stort loft ser'u. Så sku' rom frakte detta da frå Skåla og opp te' Skredsvig. Døm møtte opp bolt Frøvøllsgardan' så klukka fem om mårån før å vara sikker på å få lass, gutt. De' va' domning han gjorde da. Fyst frakta døm mykji a're neover te' Frøvøllsbrua, så sku' røm få frakta de' viare te' Skredsvig, og de' va' langt og bratt da, døm måtte klippe veit je'. Da røm hadde kjørt opp detta stabbure gjorde'n lag, han dikta vise au da, 'Følk og hestar døm låg på magan før å få frakta tofte' opp te' Hagan- 'står'e i visa. De' hendte vi henta Skredsvig på Bakken, da måtte je' og'n Kristian utover da ser'u, vi hadde to hestar me' uss, han hadde så mykji pargas me' sei. Eingong hadde'n kjøft sei ein svær frakk, han va' så tjukk at du sjønnar'kje, og den hadde'n gitt førtjuge kroner før sa'n. Je' måtte kjøpe'n sa'n, før je' syns at'n va' så billi'. Frakken va' så tong at vi gredde mest ikkje å lett'n. Skredsvig fekk seg badekar, je' hadde aller sett no' badekar aen' stan oppi her før. |
Der bada vi, de' fekk vi løv tø' tå Skredsvig, de' va'kje støtt vi spurte hell'. Skredsvig kunne måle gutt. Han måla ein nikkjil oppi Åsen, ein stabbursnikkjil som hång på veggen 'elt i glasposten der, je' e' ikkje alldelses sikker på å 'n måla 'n hen. De va' godt laga, ja, de' va' mange som greip etter denna nikkjil'n, døm ville sjå på'n, døm trudde de' va' ein skikkeli' nikkjil, og så va'n bare måla. Vi va' ofte me' Skredsvig på Nevrefanten. Når vi hadde fått i uss noko mat, va're ut å fiske da. Vi fekk ikkje så lite fisk 'elt, gutt. De' va' mykji fisk i i Nevrefanten den ti'. Vi tok fiskar opp te' to merkar der. Eingong kom Skredsvig over fjelle'. Han kom opp te' Krøderen, og så ville 'n gå over fjelle'. Da va' vi oppover å sku' stelle te' mat te'n på Nevrefanten. Vi 'jorde te' svær medda' te'n vi da gutt, og de' va' fisk. Vi tok aller så mykji fisk, vi fekk ikkje eti opp all fisken, de' va' fin fisk oppi der denti' gutt. De' kom mykji storkarar te' Skredsvig, svære målerar au. Dørenberger kom eingong, de' e' den største mann' je' har sett i mi levet!' je'. Vinnor'n kjørte posten dent!', og da va' Dørenberger me'. Han va' så diger at 'n fyllte ut heile baksete i bilen te' Vinnor'n, han hadde ein stor bil au Vinnor'n han hadde ein Dodge. Døm kom me' hest ifrå Hagan og henta 'n. De' va' ein svær målar denna Dørenberger. Torvald Teige 1986 |