1986-2-7

'Nydammen' i Nerdalstjennet, bygd i 1950-åra.

Like etter at dammen var ferdig, blei brøtningen i Nerdalselva nedlagt.

Foto utlånt av Nils Halstenrud.

Storebrannfossen i Hørja

I Storebrannfossen hadde 'tørn fått ein lunne ifrå bånn og heilt opp te' toppen ein vår.

De' e' før en hallanna hundre år sea.

Denna var liggande utover såmmårn.

Denna va' nesten ura 'å b'yne på.

Men så brant heile lunnen opp den, og de' vart Storebrannfossen etter de'.

Andr. Mørch 1986

Om brann i skauen

Døm høgg tømmer oppi Eikjemarka, på Grågalten.

Dom hadde varmesta'n sin bortve' ei myr.

Den myra låg å brann heile vinter'n, det sløkna ikke før snøsmeltinga om våren.

Andr. Mørch 1986

 

Varmesta'n

Han far og je', vi lunna boli Kofsemarkine ein høst.

De' va' kømmi litt snø, ikkje mykji, men litt va're.

De' hadde vøri så tørt om såmmår'n.

Vi hadde varmesta'n bortme' ein stuv, der vi gvilte.

Da je' kom der såmmår'n etter, hadde're brønni i jorda rundt stuven. Stuven og røta'n sto høgt i være'.

Bjarne Enderud 1986

Laddevei

Døm brukte my' 'laddeveiar' på skauen.

Dom kjørte små vendur og batt sekkar 'elt fillur på hestebeina, så vart de' 'laddeveiar'.

 Ellers va're å måka velar, veiane gålimøllom var måka på Ne'dærsskauen.

Veien frå Ne'dærsskauen te' bygda va' laddevei.

Døm bruka au truger, men 'elt så va're helst ski vi brukte.

Nils Halstenrud 1986


1986-2-8

Grønhovdselva

Bjarne Enderud var med de siste åra det var brøtning i Grønhovdselva.

Vi b'ynte i Vinnor, det va'kje brøtning ifrå Vinnor med de' va' sjølve mjølkekua de', når 'øm fekk mett Vinnordammen så hadde 'røm brøtningsvatten i lang ti'.

De' e' ein svær høl i elva der ne'om Vinnordammen, den kall 'røm før Lakterve'høl'n, de' vart vel brøti lakterve' derifrå eingong.

Den va' stutt den, den va' bare tre meter. Tømmer vart de' ikkje brøti lenger enn ifrå Grunntjenn.

Je' huksar eingong, de' va' fiste åre' je' va' me', da va' Grunntjenn. dammen mett, men de' va' bare isen da, så vi kunne ikkje få gjennom tømmer.

'N Petter Killand og 'n far drog bortpå der, da skaut døm is.

Døm la tømmerbru og gikk utpå isen og hadde me' ei lang bjørkestong som 'n smurte dynamitt på, feste på lunte og stakk detta under isen og skaut.

Da 'røm fekk skøti sund isen, måtte vi tappe ut bare is da.

'N Petter ladde og sto fær'i om de' sku' komma et større flak som sette seg i dammen, og de' gjorde de' nå, og så skaut 'n, men de' lea på steinane i dammen.

Så va're å få brøti isen ne'over før å få renska tjenne'

Så va're å setta den dammen igjen og trekke Vinnordammen før å fille atti'n att.

Denna elva ne'over frå Grunntjenn og ne'te' Skoddøl, der e're nokon løkar, de' e' så flått, så der flømte vatnet innover allesta'n.

De' va' å va te' live' de' før å ha tømmere' utatti.

Når'n vadde i detta kalle isvatnet, kjente ein ikkje te' beina sine.

Eingong vi brotte neover frå Grunntjenn og ne te' Skoddøl, va' re realt å bryte.

De' va' så stor snø at tømmeret måtte følje elva neover, snøen demte så 're ikkje fekk rest innover myra.

Tømmeret va' kje lenger hell 12 halvmeter.

Når vi kom te' Skoddøl, va're å laga arm før å få 're framover te' Skoddøldammen.

Vi samla tømmeret i denna armen, de' va' nokon på begge si'ur, så vi fekk de' framover, vi brukte au flatår.

Vi hadde ikkje motor, de' va' bare å dra i taug og bruke hakar de'.

Så va're gjennom Skoddøldammen og ne'over te' Hasli.

Denna elva frå Skoddøl og ne' te' Hasli e' så djup, så 'o e' real å bryte i, vatnet går så høgt.

Ve' Hasli måtte vi samle 're sammen att og få 're over vatnet.

Der va're ei svær fløttmyr som 're va' vondt å få grima førbi.

Vi måtte ha a' armen førbi der.

Eingong va' re' sånt mannskap at vi tok armen og bar 'n over.

Så va're igjennom Haslidammen.

Ne'om Hasli va're ein foss 'røm kalla Klippefoss, der va're så trangt at om 're kom ein stokk tversover, så satt 'n der.

Der va're bigd leipebru.

Det gikk grett utover denna høge fossen borti her, før der va're bygd ein løftar døm kalla, ein stor dam som demte så 're vart ein jup høl unner fossen så 're ikkje vart sli sunt.

Neri her ve' denna klenningen satt de' ein lunne, de' va' nesten ikkje rå å få løst denna lunnen.

Så vart det bestemt at vi sku skyte denna lunnen.

Vi stappa mett ein boks me' dynamitt, åsså plasserte vi denna inni lunnen.

'N Kal Glaheim og je' sku' ordne me' detta.

'N Kal sku Bitta ne' me lunnen og je' sku vara på tann og passe på når damvatnet kom.

Da sko' je' vinke te'n Kal.

Men så kom 'n Asle Kaugeru' og 'n Ingvar Kaugeru' og så ein te'.

Så sa'n det han Ingvar at 'n Kal ha'kje lang tia å gjøra på han, ifrå du ser vatnet'.

'Nei, sa je', 'je' går oppå fossen je',' sa'n Ivar, 'og så vinker je' te deg.'

tilbake til 1986-2 startside.

tilbake til Under Norefjell`s startside.

til side  9